søndag 5. juli 2015

Göteborg dag 3: Grattis grabbar!



Tjejer: Ni måste koma stärkt tillbaka!

För nu gäller: Grattis grabbar!


Eg sette meg ned på stadion for min dag tre
akkurat i det Herman Ellingsen verkeleg presterte
Han svinga seg gjennom - just det - bortre sving
og sprang 26 blank på 200 nesten som ingenting
Henrik Almenningen nådde 13 meter for første gong i år
Kanskje er han i gang med ein heilt ny vår?


For det var desse grabbane: Før eg kom til ettermiddagens økt, så hadde høvesvis Pål Haugen Lillefosse og Gjert Høie Sjursen sprunge glitrande korthekkar (80 meter hekk) - og vunne kvar sin klasse. I og for seg er løpa dei raskaste i høvesvis G14 og G15 i Norge gjennom tidene, men så er det slik at svenskane ikkje følgjer heilt same hekke-regimet som i gamlelandet. Så dette får me finstudera i finaveret heime i bergenstraktene. Uansett: Gjert sprang på sterke 11,07 og Pål hundredelen raskare - på 11,06!

Så til kveldens grabbar:

Nemnde Henrik Almenningen først: Han hadde sesongens desidert beste tresteg-serie, enda opp med 13,31 og ny pers!

Thomas Blücher har hatt ei fantastisk fin Göteborg-helg. Etter storveis 800 meter lørdag blei det pers med 24 sekund (!) på 2000 meter søndag. Han sprang ned tida frå Tyrvinglekene frå 6:24,70 til 6:10,50 - eminent sekundert av pappa Peter.

Og så rosina i pølsa, Världsungdomsspelens siste sprell - 800 meter for menn. Dette er øvinga der eg har vore van med at Gular-utøvarar finst overalt, i heat etter heat. No er det Gneist-utøvarar. Og dei markerer seg skikkeleg!

Henrik Irgens Gravdal er no nede på sterke 1:53 - 1:53,94, for å vera presis. Han kan like så godt velja og vraka øvingar i U18-VM i Colombia. Han er rett og slett i kjempeform.

Anders Bjørndal vil gjerne til Haugesund. Og klarer nokon å produsera ein 800 meter med skikkeleg gode opptrekkarar, så er Anders i NM. Han vann sitt heat på imponerande vis med ny pers (igjen): 1:55,73! (Kravet til NM er 1:54,99.)

Og så - mine damer og herrer - sjølvaste 2 blank-løparen vår, Erlend Gjerdevik Sørtveit, har - etter tre års kamp - blitt "sub 2"-løpar! Hans nye pers er på 1:59,25. Stort å vera ringside til ei slik hending!

Og det stoppa ikkje der. For det stoppa i staden med eit nytt sterkt 2015-løp av Andreas Iden. Med 2:00,44 blei det også solid ny pers på 800 meter - tre år (!) etter at han sprang 2:03,41 under UM på Ravnanger. Og Andreas lovar at han ikkje skal forbli like lenge på 2 blank som kompis Erlend.

(PS: Biletet er denne gongen ei gåve frå pappa Jon Iden!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar