tirsdag 14. juli 2015

Nytt frå Lonevågen

Mandags kvelden var det ein av dei klassiske karusellane til Osterøy - den som går midt i juli månad, når sola skin og det er ein del som hungrar etter stemne.



Eg begynner med ein som ikkje var heilt heldig med vinden, nemleg Andreas Haara Bakketun, som igjen sprang på rekord-nivå. Denne gongen var det på 200 meter hekk, der han sprang på fantastisk sterke 26,16, som ville ha vore ny norsk aldersrekord i G14 med god margin, men vinden var her på knepne +2,3. Ny sterk prestasjon var det uansett for Andreas.

Den andre i rekordform var Thomas Blücher, som sprang på sterke 1:30,35 på 600 meter. Det er ny pers med ganske nøyaktig 3 sekund (3,02 for å vera pirkete).

*

...Og Anders Bjørndal må jakta vidare på NM-kravet på 800 meter...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar