tirsdag 21. juli 2015

Rekordstatus - J14

Først ei repetisjonsøving: Desse rekord-oversiktene er hundre prosent mine, ikkje kretsen eller NFIF sine. Med alt det som det medfører.

Me går vidare.

Først utanriks: norske aldersrekordar i J14:

Her er det store namnet Martine Hjørnevik frå Norna-Salhus, som har slege fleire segnomsuste rekordar i årsklassen denne sesongen. Ho er norsk aldersrekord-innehavar no på 80 meter (10,21), 60m hekk (8,91), 80m hekk (11,40) og 200m hekk (28,88).

Andre norske aldersrekordar i årsklassen frå Hordaland:
- Benedicte Abrahamsen, Norna-Salhus (60m)
- Trine Eilertsen, Eidsvåg (600m)
- Christine H. Gjerde, Norna-Salhus (Tresteg)
- Mona Ekroll Jaidi, Norna-Salhus (diskos)
- Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg (slegge)
- Mona Ekroll Jaidi, Norna-Salhus (spyd)

Nokre Gneist-jenter har krets-aldersrekordar i J14, i tillegg til ei Bjarg-jente som no er i Gneist:



- Kathrin Sandvik (100m, manuelt)
- Kjersti Kleppe (1500m)
- Ingvild Myking (2000m)
- Ingvild Myking (3000m)
- Marianne Benserud (stav)

** Ingvild Måkestad har ikkje kretsaldersrekorden på 800 meter eller 1500 meter, men ho har den på 400m i J14 (59,06).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar