lørdag 18. juli 2015

Rekordstatus - J13

Ein må etter kvart vera enten arkeolog eller meir enn spesielt interessert for å grava fram oversikter over rekordar i aldersbestemte klassar. Oppdateringstakten offisielt er ikkje som den var. Men kva er no det.

EG har ikkje på nokon måte "teke på meg" å gjera dette betre, men eg har ei eigainteresse av å føra eit slags skuggerekneskap.

Difor kjem denne midt-i-sesongen- serien med rekord-oppdateringar - på krets- og landsnivå.

Det betyr også at så lenge denne er personleg snikra, så er den langt frå offisiell.

Heilskaplege oversikter får koma når sesongen er over, her er berre highlights:

Aldersrekordar - J13
Her har eg berre notert éin ny i 2015: Vibeke Engen frå Oppegård som kasta 400 gram-spydet 46,37 på Nadderud.



Aldersrekordar, Hordaland-utøvarar, J13:
- Martine Hjørnevik, Norna/Salhus 200 meter hekk
- Renate Lie, Gneist (1500m hinder)
- Paula Nedberge Llano, Laksevåg (stav)
- Christiane Gjerde, Norna/Salhus (tresteg)
- Mona Ekroll Jaidi, Norna/Salhus (kule)
- Mona Ekroll Jaidi, Norna/Salhus (diskos)
- Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg (slegge)

Alle desse har naturlegvis også kretsaldersrekordar. Av nye her har eg notert meg Mia Andersen, Bergens Turnforening, som kasta liten ball 45,89 under Karabinlekene.

***

Gneist har følgjande kretsaldersrekordar i J13:

- Renate Lie, 400m
- Vilde Lund Bjørnsen, 600m
- Silje Stenersen, 1500m
- Renate Lie, 1500m hinder

** Kuriositeten: Ein Farmen-vinnar har sprunge raskaste registrerte 3000 meter i Hordaland i J13.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar