onsdag 29. juli 2015

Før Haugesund-NM

Noko så sterkt uvanleg som ein kvintett menn og ei einsleg kvinne er på startlista frå Gneist til årets hovud-NM. Største medaljesjansane av dei som står på lista ville kvinne nr. 2, Monika Benserud, hatt - i hoppøvingane. Men etter det me forstår, på politisk hald, så er Monika ute med skade.



Dermed er det den einaste gjenverande kvinna på lista, Martine Eikemo Borge, som på papiret er nærmast medaljesjanse. Martine er rangert som nr. 4 på 800 meter og nr. 8 på 400 meter på førehand. Sjølv om det er eit par openbare manglar på 800-lista - som Ingvill Måkestad og Trine Mjaaland - så er det framleis svært tøff konkurranse. På 400 er det Benedicte Hauge (Kristiansand) og Emilye Rose Norum (Steinkjer) som er sterkast på førehand, medan Yngvild Elvemo (Strindheim) og Ida Fillingsnes (Herkules) verkar tøffast på 800.

Så til gutta:

800 meter stiller ikkje haren og skilpadda, men i alle fall haren Henrik og unge hr. Bjørndal. 800 meter for menn er alltid ei tøff NM-øving, men etter måten kort veg frå årsbeste til dei på toppen til dei som nyss har kvalifisert seg. Her handlar det om å springa fornuftig i forsøka, for å nå lengst muleg. Anders Bjørndal er rangert som nr. 16 og Henrik Irgens Gravdal som nr. 17 på førehand. Roth og Ingebrigtsen og slike gjer opp om medaljar, med haugevis av utfordrarar.

Colombia-farar Henrik Irgens Gravdal er også påmeldt 1500 meter, her er Henrik 14. rangert på førehand, med namnebror Henrik Ingebrigtsen øvst på lista og med Sindre Løchting (Tjalve) og Sindre Buraas (Vidar) som andre med sterke tider.

The come back kid, Andreas Iden, er på førehand sterkaste kortet på 5000 meter. Han er 17. rangert med si tid like over 15 blank, men Espen Roll Karlsen og Erlend Gjerdevik Sørtveit er forventa å vera i same sjiktet. Litt usikkert om kven som stiller av dei store kanonene, men ei av dei største er Sondre Norstad Moen ( Vidar).

Espen Roll Karlsen er også påmeldt 3000 meter hinder. Her er det litt meir smålåten påmelding, men Espen må nok stilla litt i køen, bak eit par brør frå Bømlo i Stord-drakt, Tom Erling og Harald Kårbø, og Sandnes sin Bjørnar Ustad Kristensen.

Veret? Heilt vanleg sommar i Haugesund. Så får ein tolka det som ein vil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar