mandag 20. juli 2015

Rekordstatus - G13

Dei ferskaste aldersrekordane i Gutar 13 er frå fjoråret, 2014. To av dei blei sett av Pål Haugen Lillefosse - i stavsprang (4,06 - ute) og 60 meter hekk (8,92).

Oversikten over lokale rekord-innehavarar ser slik ut:

Norske aldersrekordar, Hordaland-utøvarar, G13:
- Pål Haugen Lillefosse, Gneist (60m hekk)
- Pål Haugen Lillefosse, Gneist (stav)
- Jon Nerdal, Norna/Salhus (slegge)
- Fabian Filip Rimestad, Bergens TF (spyd)

Heller ikkje på kretsnivået er det sett nye aldersrekordar i 2015, men i fjoråret sette Pål Haugen Lillefosse også kretsrekord på 200m hekk (29,19), i tillegg til dei ovanfornemnde. Endeleg sette Andreas Haara Bakketun kretsrekord i G13 på 100 meter (12,23) i 2014-sesongen.

Men desse er ikkje åleine som krestsaldersrekord-innehavarar i G13 frå Gneist. Her er oversikten:



- Andreas Haara Bakketun, 100m
- Kristoffer Blücher, 200m
- Kristoffer Blücher, 300m
- Kristoffer Blücher, 600m
- Pål Haugen Lillefosse, 60m hekk
- Pål Haugen Lillefosse, 200m hekk
- Sondre Rinde, 300m hekk
- Aleksander Lie, 1500m hinder
- Pål Haugen Lillefosse, stav

** Og ein av landets fremste klimaforskarar (Fana IL) har kretsaldersrekorden på 1000m og 1500m i G13.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar