fredag 3. juli 2015

Göteborg dag 1: Pojkarna med guldbyxorna

Det er mange trevliga flickor i Gneist, men nett no er det stor grunn til å trekka fram gutane - eller pojkorna, som me seier det her i Göteborg.

Me får ta klubbrekordane først:

Pål Haugen Lillefosse - kjent frå stavgropa - imponerte fredag også i lengdegropa i glovarme Göteborg. 6,50 nådde han i finalen og dermed betra han pers og eigen klubbrekord i G14 monaleg, frå 6,21. Dette er også norsk aldersrekord i G14 med planke! Berre éin utøvar har hoppa lenger i Norge gjennom alle tider som 14-åring, men då med satssone.

Andreas Haara Bakketun - den andre i G14-radarparet (vel, det finst fleire G14-radarpar) - følgde opp med imponerande 41,05 på 300 meter hekk. Det er åtte tidelar raskare enn G14-rekroden sett av Kristoffer Blücher i forfjor.



Så til kveldens siste evenement, 5000 meter. Der var det fleire sterke prestasjonar, både frå representantar for vene Sunnhordland og andre, men me trekker fram litle Iden - Andreas Iden - som no også har ein 5000-rekord på nivå med 3000- og 10000-løpa sine. 15:01,25 let den nye persen på. Det er ned med 42 sekund (!) frå junior-NM i Sigdal seinsommaren 2012. 

Gamle-persen til den nybakte 19-åringen, Stian Norheim, er ikkje så gammal, berre frå april i år. Men den blei uanssett betra med nye 12 sekund - til 16:10,61 fredagskvelden.

Brukande start, dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar