tirsdag 7. juli 2015

Gneist Goes Global - part II

La oss tenka oss dette som eit svært hyggeleg stafett-løp, der Amund Høie Sjursen tok med seg stafettpinnen til U18-VM i den seinare ulykksalege byen Donetsk i 2013. Amund tok den like så godt med seg også til Eugene til U20-VM i 2014, saman med Anna Serine Røssland. I tillegg sende dei ein stafettpinne av garde til Stian Øvergaard Aarvik, som tok turen til VM i motbakkeløp og kom heim med ein 5. plass.

I 2015 er kontinuiteten representert ved nettopp Stian, som altså i helga presterte å bli junior-europameister i motbakkeløp på Madeira, Portugal!



Men dessutan er Martine Eikemo Borge på plass i Sør-Korea, til Universiaden der, og mandag blei Henrik Irgens Gravdal utteken til U18-VM i Colombia seinare i månaden.

Dette er viktige markeringar! Her satsar me på kontinuitet også framover - både frå enkeltutøvarar og frå klubb og miljø.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar