torsdag 16. juli 2015

Sommartankar

17. juli er det eitt år sidan Coach Ole Martin og eg sette oss på flyet til Portland (via Amsterdam). I USA blei me godt kjent med Oregon og lommekjent med Eugene. Det var rett og slette ei svær oppleving. 24. juli sprang Anna Serine 3000 meter hinder i junior-VM.

I desse dagane er det junior-EM i Eskilstuna i Sverige. Der skulle vi ha vøri. I staden følgjer me spent med både på vår sleggekastar-kompis frå Norna-Salhus, Jon, og løpsvenninnene til Anna Serine. I tillegg så er me jo sjølvsagt tilhengarar av super-sunnhordlending Lars – som har gode minne frå Sverige alt denne sommaren. Lars Lunde sitt løp i Göteborg fekk meg til å minna ungdommane mine om at dei er 100 % sunnhordlendingar.

Søndag skal så nokre få utøvarar etter planen springa stemne på Husnes – i det som er lova å bli eit ausande regnver.





Eugene, Eskilstuna – Husnes. Det eine gjævare enn det andre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar