søndag 26. juli 2015

1500-duellar

Etter nokre dagars pause frå friidrett og det meste anna, i eit sjølvpålagt indre eksil i Telemark, er eg tilbake til resultatlister og andre lister.

Det er jo ferie og rolegare farvatn for mange enno - og det ser faktisk framleis ut til at sommaren er på veg, til dømes til NM-byen Haugesund og festidalen-dalen Uskedalen komande helg.

Eitt av ferieutslaga er at utøvarar relativt ufrivilleg har "skifta" klubb. Den velkjende Varegg-løparen Jonas Gjesdal har hamna i Gneist og Gjert Høie Sjursen i Fana - ifølgje resultatlista frå Stemnekarusellen på Fana Stadion onsdag.

Vel, vel. Det var i tillegg fleire gode resultat på listene - og eg trekker fram 1500-meteren. 1500-meteren teiknar til å bli den som både symboliserer den breie framgangen til mellom- og langdistanseløparane i Gneist, og samtidig at gjengen er (super-)jamn.



Espen Roll Karlsen presterte årsbeste med 3:59,83 - sekundet bak persen frå i fjor. Så har Erlend Gjerdevik Sørtveit teke til på ein ny runde - ??? - med å balansera på ei "blank-grense". Lenge gjorde han det på 2 blank på 800 meter, før han avliva det spøkelset i Sverige i sommar. Onsdag blei det 4:00,44 på 1500. Følg med, følg med... Tida er fire hundredelar bak persen til Jens Larsen Åstveit. På 4:01-talet finn me også to utøvarar etter onsdagen. For der sneik Andreas Iden seg inn, med ny pers på 4:01,13, framfor kompis Anders Bjørndal, som har 4:01,40 - frå Göteborg tidlegare i månaden. På toppen av lista tronar framleis Henrik Irgens Gravdal, med sine 3:54,76, også det frå Göteborg. Men her er altså ein gjeng på seks utøvarar i tett kamp om 1500-posisjonane i klubben.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar