lørdag 11. juli 2015

Superfart i Skaone

Pål Haugen Lillefosse beviste lørdag igjen at han kan (mykje) meir enn å setja rekordar i stavsprang. Han kan gjera det også på 200 meter, til dømes. I Pojkar 17 tok 14-åringen ein imponerande 2. plass under Öresundspelen i Helsingborg. I finalen sprang Pål på 22,93 - og kom dermed under 23 blank for andre gong på nokre timar. Og dermed meiner eg Pål skal ha dei to raskaste tidene for ein gut på 14 år i Norge gjennom alle tider! (Filip Bøe frå Fana sprang på 23,18 i fjor.)



Over ser me Pål i lengdesvevet, men no svevar an altså av garde - både her og der. I forsøket sette Pål den fantastiske aldersrekorden på 22,80! Det er så fort at det berre er 15 hundredelar bak kvalifiseringskravet til hovud-NM på distansen.

**

Også familien Sjursen er representert i Sør-Sverige: Gjert betra "svenskepersen" sin på 80 meter hekk til 10,89 - frå 11,07, som han sprang i Göteborg sist helg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar