fredag 13. mars 2015

Utøvarportrett: Gjert Høie Sjursen

Jada, det er stadig utøvarar som fortener eit mini-portrett. Ein av dei er så absolutt Gjert Høie Sjursen. Det er vanskeleg å veksa ut av skuggen til storebror, men Gjert kan absolutt klara det. Nyleg meisterskapsdebuterte Gjert (15) med 2 gull, 1 sølv og 2 bronse i inne-UM i Ulsteinvik. Det er, mildt sagt, ein brukande fangst i første forsøk.


Gjert var lenge Gneist sitt "kast-alibi", men no har han utvida repertoaret med øvingar i slekt med broder Amund sitt. Gulla i Ulsteinvik kom på 60 meter hekk og lengde. Vel, for å vera presis så har Gjert halde på med mange øvingar lenge, men siste par sesongane har han etablert seg i norgestoppen i årsklassen sin også i sprint og hopp.

Persoversikten nedanfor inneheld ikkje kast-resultat enno, sidan den fokuserer på junior-/seniorresultat. Det blir spennande å sjå kva for val Gjert gjer etter kvart.


Persar
60 meter
7,79 (Nadderud, 14. juni 2014)
60 meter (i)
7,59 (Ulsteinvik, 7. mars 2015)
80 meter
10,08 (Gøteborg, 28. juni 2014)
100 meter
12,31 (Haukås, 20. september 2014)
200 meter
25,05 (Fana, 24. august 2014)
200 meter (i)
24,40 (Ulsteinvik, 8. mars 2015)
Høgde u/t
1,26 (Laksevåg, 12. januar 2014)
Lengde            
5,97 (Lonevåg, 13. september 2014)
Lengde (i)
6,09 (Ulsteinvik, 7. mars 2015)
Lengde u/t
2,44 (Ytrebygda, 21. mars 2014)


Medaljefangst i nasjonale mesterskap

UM

GULL, 60 meter hekk, inne-UM, 2015
GULL, lengde, inne-UM, 2015
SØLV, 4x200 meter, inne-UM, 2015
BRONSE, kule, inne-UM, 2015
BRONSE, 60 meter, inne-UM, 2015

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar