tirsdag 31. mars 2015

UM-kvalifiserte pr. 31. mars 2015

Gårsdagens oversikt over kvalifiserte til junior-NM og hovud-NM blir i dag, på sjølvaste siste marsdagen, følgt opp av tilsvarande oversikt til UM.


Eller - tilsvarande og tilsvarande. Til UM skal ein, som hovudregel, vera kvalifisert til enkeltøvingar, i motsetnad til junior- og hovud-NM, der det er om å gjera å kvalifisera seg, uansett øving.

Vinteren har ført til to viktige ting: Talet på kvalifiserte til årets UM på Lillestrøm har auka frå 26 til 28. Auken har kome på gutesida, slik at det no er 15 gutar og 13 jenter som er kvalifiserte. I tillegg så er altså kvalifiseringsperioden for neste års UM, i Sandnes, i gang. Og alt no er det heile 17 utøvarar som er kvalifiserte til Sandnes-UM, mellom dei Andreas Haara Bakketun og Pål Haugen Lillefosse, som førstegongs-kvalifiserte. (Ja, Pål er jo kvalifisert også til junior-NM og hovud-NM frå 2016 av.)

Her er oversikten for 2015:**

J15
Anna Evensen (100m, 200m, lengde, tresteg)

J16
Ingvild Myking (800m)
Sanne Myrmel (stav)
Malin Marie Rosvoll Olsen (100m)
Nora Øvergaard Aarvik (høgde)

J17
Renate Lie (100m, 200m, 400m, 800m)
Maren Haugen Lillefosse (100m, 100m hekk, lengde)

J18/19
Monika Benserud (100m, 200m, lengde, tresteg)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m)
Elina Drivenes (200m, 800m)
Thyra Hevrøy (800m)
Eline Myking (800m)
Anna Serine Røssland (800m)

G15
Thomas Blücher (800m)
Gjert Høie Sjursen (100m, 200m, lengde, kule, diskos, spyd, slegge)

G16
Kristoffer Blücher (100m, 200m, 800m, 100m hekk, 300m hekk)
Jakob Jamt Ånonli (200m, lengde)

G17
Vegard Albrigtsen (400m, 800m)
Henrik Irgens Gravdal (400m, 800m, 3000m)
Eirik Leikvoll (høgde, stav)
Sondre Rinde (100m, 200m, 110m hekk, 300m hekk, lengde, tresteg)

G18/19
Henrik Almenningen (lengde, tresteg)
Emil Engelsen Holm (200m)
Magnus Leikvoll (høgde, stav)
Stian Norheim (3000m)
Amund Høie Sjursen (100m, 200m, høgde, lengde)
Stian Øvergaard Aarvik (800m, 3000m)
Jens Larsen Åstveit (800m, 3000m)


** Igjen er det viktig å minna om at her er fleire distansar med fri påmelding, ikkje minst gjeld dette lengre distansar for jenter. Her er med andre ord potensial for fleire deltakarar, som i og for seg er godt kvalifiserte (utan å vera det, etter krava).


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar