lørdag 7. mars 2015

Medaljefesten held fram - inne-UM dag 2

Medaljefangsten fortsette med full styrke i Ulsteinvik lørdag: 4 nye gull, 2 nye sølv og 2 nye bronse - og mange sterke prestasjonar.


Innesesongen i fjoråret var ikkje alle verda for Henrik Irgens Gravdal. Lørdag blei det ein knallsterk 800 meter på Henrik - og gull i G17 - til overmål tett følgt av Vegard Albrigtsen på sølvplass. Her er heile oversikten:

GULL
- Kristoffer Blücher vann gullet på 60 meter i G16 med sterke 7,29. Dette er ny pers på Kristoffer.
- Kristoffer vann også gullet på 800 meter med 2:00,63 - endå ein snart under 2 blank, med andre ord. Utepersen til Kristoffer er 2:02,45.
- Gjert Høie Sjursen fekk seg nytt gull, denne gongen i lengde, med 6,09. Gullet blei vunne med ein margin på 41 centimeter. Og 6,09 er identisk med klubbrekorden i Gneist i G15, sett av Per Liland, det året Kennedy blei skoten.
- Henrik Irgens Gravdal sin 800 meter er alt nemnt. Tid: 1:58,59. Tida er ny innepers på Henrik.

SØLV
- Monika Benserud fekk seg ein sølvmedalje på 60 meter i J18/19. Ho leverte den jamne og sterke serien 7,86 (semifinale) og 7,87 (finale).
- Vegard Albrigtsen leverte eit kanonløp og kom seg under 2 blank-barrieren på 800 meter i G17. Tid: 1:59,45. Vegard har 2:00,12 utandørs.

BRONSE
- Gjert Høie Sjursen fekk seg ein bronse også i samlinga si. Det oppnådde han med 7,59 på 60 meter (to hundredelar framfor nr. 4). 7,59 er solid ny pers.
- Og så ein svært gledeleg bronse til Jakob Jamt Ånonli i lengde i G16. Jakob persa til 5,92!

**

- Stian Øvergaard Aarvik persa på 800 meter, då han blei nr. 5 i G18/19 med 2:01,08.
- Stian Norheim innepersa i det same løpet, til 2:07,45.
- Thomas Blücher fekk seg ein flott 5. plass på 800 meter i G15. Tida er også ny pers; 2:11,15
- Anna Evensen sette innepers i lengde  i J15, då ho hoppa 4,93 i kvalifiseringa. I finalen blei det 4,89 og 7. plass.

**

Og medaljeoversikten: Her har Karsten Warholm/Dimna flest gull (7), men tett bak følgjer Sandnes og GNEIST (6). Og flest medaljar; Sandnes (16) og så GNEIST (15).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar