mandag 30. mars 2015

Kvalifiserte, junior- og hovud-NM

1. januar blei Gneist-utøvarane som til då var kvalifisert til årets junior- og seniormesterskap presentert. Listene fortalde om 10 utøvarar til hovud-NM i Haugesund og 26 utøvarar til junior-NM i Byrkjelo. Her er ingen endringar i årets lister etter innesesongen. 1. januar-lista kan studerast her.



Desse listene kan definitivt enno bli lengre - og det er først og fremst når utesesongen er i gang om ein god månad at nye namn kjem til å aspirera til listene.

Til hovud-NM i Haugesund er det framleis kvinnene som regjerer: her er 8 kvinner og 2 menn kvalifiserte, men prosentdelen for menn har gått frå 0 for eit par sesongar sidan til noverande 20, så utviklinga er bra.

Til junior-NM er talet 50/50 i kjønnsfordelinga på dei kvalifiserte.

Gjennom innesesongen har først og fremst fleire av dei kvalifiserte frå fjoråret stadfesta nivået sitt. Samtidig har dei prestert innanfor kvalifiseringsperioden til neste års meisterskap - hovud-NM på Ravnanger, Askøy, og junior-NM på Brandbu. (Dei to meisterskapa i 2016 er elles førebels sett opp helg etter helg, med hovud-NM først, siste helga i juli, og med junior-NM deretter, den første i august.)

Så langt er 6 utøvarar kvalifiserte til hovud-NM på Askøy (4 kvinner, 2 mann) - og 15 utøvarar er kvalifiserte til junior-NM på Brandbu (6 jenter og 9 gutar).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar