torsdag 19. mars 2015

Kva er det som skjer? - Før KM i terrengløp

No kan det naturlegvis enno bli ei røys med etterpå-påmeldingar til lørdagens KM i terrengløp på Stord, men eg kan ikkje anna enn å halda meg til påmeldingslista, slik den låg føre ved påmeldingsfristens utløp.

Den fortel at det er etter måten få deltakarar totalt. Hadde ikkje arrangørklubben Stord "fylt på" i diverse klassar, med ein og annan fitjarbu innimemellom, så hadde dette vore svært, svært tynt.

Og den fortel at IL Gneist ikkje har vore dårlegare representert i eit KM i terrengløp på mange år. Det er muleg det var om lag like tynt den gongen Strandebarm arrangerte, tilbake i 2008. I fleire år etter det var ikkje berre Gneist med, men Gneist dominerte desse åra KM i terrengløp.

Ein av dei få påmelde er Stian Norheim - her frå UM i terrengløp i nettopp Strandebarm, tilbake i 2012.



Til dei som faktisk står på startlista:

I G17 finst Casper Stenersen der. Han stod også på lista til inne-UM, noko han sjølv var overraska over... Sist helg sprang Casper glitrande under terrengstafetten til Varegg. Stiller Casper denne helga, så blir det medalje (heilt sikkert; tre påmelde) og truleg vel så det. Casper har 2 KM-gull frå tidlegare, i G12 i 2010 og i G13 i 2011.

I G18/19 har nemnde Stian Norheim selskap av Halldor Espe og Jerns Larsen Åstveit. Her var det 7 påmelde innan fristen. Stor favoritt er Stord sin eigen Lars Jonassen Føyen, medan minst ein Gneist-ar bør vera medaljemateriale. Også Laksevåg sin Sondre Strøm kan bita frå seg på golfbanen på Stord.

Mellom jentene har eg funne ei einaste påmeldt frå Gneist... Det er Thyra Hevrøy, med nær familie like ved traséen, i J18/19. Ho møter sterke utfordrarar i favoritten Christina Ellefsen Hopland frå Varegg og heimehåpet Mari Aarskog Nesse.

**

Vel, vel. Me får tru det er tilfeldig - og at ting er retta opp att alt ved neste høve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar