onsdag 4. mars 2015

Før inne-UM - II

Medan pilotar og andre i Norwegian held fram med å komplisera ting, mellom anna for ein del av deltakarane der, så held me fram ferda tvers gjennom startistene til helgas inne-UM i den splitter nye hallen i Ulsteinvik.




J15 - 60 meter hekk
Først ut i dag er Anna Evensen si sterkaste øving. Med fullklaff kan det vanka medalje på Anna, sjølv om ho har tre sterke namn framfor seg på førehandsrangeringa. Aller øvst på den er Emilie Sandberg frå Sandnes.

J15 - lengde
Langt unna medalje treng heller ikkje Anna vera i lengde, dersom ting klaffar og ho er i nærleiken av sitt aller beste. Sterkast resultat i vinter har Elin Serine Vik Johannessen frå Lyngdal.

J16 - 60 meter
Det blir spennande å følgja Malin Marie Rosvoll Olsen og Michelle Floor Heggeland sine resultat i Ulsteinvik, sjølv om medaljekampen vil stå mellom andre utøvarar. Ingvild Meinseth frå Sørild er favoritt, medan Live Haugstad Hilton frå Bergens Turnforening er det største bergenshåpet.

J16 - 60 meter hekk
Sanne Myrmel har større sjansar i UM enn i hekkeøvinga - det får me koma tilbake til. Her er ho 8. rangert på førehand, medan Thale Augensen frå Narvik har sterkast tid i vinter.

J18/19 - 60 meter
Det er Oda Mohus frå Runar som har sterkast tid innomhus denne sesongen på 60 meter i J18/19. Naomi van den Broeck frå Hovding må alltid reknast med, medan Monika Benserud er klar medaljekandidat.

J18/19 - 800 meter
Clara Sagnes Wågan frå Namsen er i Søvikheia mest kjent som ho som hadde den aller mest uheldige landinga i vassgrava under hinderløpet under UM på Askøy i 2012. Etter det har ho vakse seg til å bli ein svært sterk løpar, ikkje minst på 800 meter. Så sterk er ho blitt at ho kan utfordra Elisabeth Angell Bergh frå Haugesund på denne distansen. Medalje blir truleg i tøffaste laget, men Eline Myking og Elina Drivenes treng slett ikkje vera langt unna.

G15 - 60 meter
Det er Filip Bøe frå Fana som er favoritten på 60-meteren for dei yngste gutane, medan Gjert Høie Sjursen er mellom medalje-utfordrarane.

G15 - 60 meter hekk
Men medan Gjert "berre" er utfordrar til medalje på 60 meter, så er han klar favoritt på same distansen med hekkar. Høgdehoppar Vetle Raa Ellingsen, også han frå Fana, er nærmaste konkurrent.

G16 - 800 meter
Vinnarviljen kan føra Kristoffer Blücher heilt til topps på 800 meter, sjølv om Kristian Skage Nordlund frå Trones er knepen favoritt.

G16 - lengde
Eg nemnde i går Jakob Jamt Ånonli som ein med stadig framgang. I lengde-øvinga er Jakob faktisk ikkje langt unna medalje på papiret på førehand. Fredrik Øvereng frå Overhalla er favoritt, men med fullklaff kan det bli første meisterskapsmedaljen for Jakob.

G17 - 60 meter
Bartek Sakowski frå Vidar i Oslo er favoritten på 60 meter i G17. Sondre Rinde er Gneist sin representant.

G17 - 60 meter hekk
På hekke-øvinga i denne årsklassen er det berre to påmelde, Sondre er den eine, medan Toralv Opsal frå Ålesund er den andre. Dermed er det i alle fall dei to sterkaste i hekk i 1998-årgangen som finst på startlista. Opsal er favoritt.

G18/19 - 800 meter
Dei to blada Stian - Øvergaard Aarvik og Norheim - representerer dei eldste distanseløparane i Ulsteinvik, også på 800 meter. Medan eg peika på Aarvik som medalje-aspirant på 1500 meter, så er det nok i tøffaste laget med konkurranse på 800 meter - trass i at dei aller sterkaste i klassen ikkje stiller på Sunnmøre. Favoritt blir Abdurrahman Hir frå Selsbakk.

G18/19 - lengde
Siste øving i dagens gjennomgang er ei av dei mange øvingane som den fremste lokale helten, Karsten Warholm (Dimna), skal kjempa om gullet i. Men her har Ingar Kiplesund frå Trondheim nærma seg Karsten (og Amund) monaleg i det siste, så det kan bli spenning, sjølv utan landets fremste lengdehoppar, Amund frå Gneist. Henrik Almenningen er 7. rangert på førehand.

***

Medaljeprognosen - før den siste gjennomgangen - er konservativ nok:

3 gull - 6 sølv - 4 bronse


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar