torsdag 5. mars 2015

Før inne-UM - III

For å følgja opp: Det er kontakt mellom partane i Norwegian-streiken. So e da nemnt.

Her skal eg forsøka koma i mål med dei siste UM-øvingane der det er Gneist-deltakarar på startlista. Og siste gjennomgangen gøymer ganske mange medaljesjansar.



J16 - 800 meter
Ingvild Myking er klar medaljekandidat (og kanskje vel så det) på 1500 meter, men også på 800 meter er Ingvild medaljefavoritt, sjølv om det er Malin Edland frå Larvik som er gull-kandidat nr. 1. Også Michelle Floor Heggeland står på startlista på distansen.

J16 - stav
Sanne Myrmel er klar favoritt i stav i jenter 16 - der ho også har gode UM-minne frå fjoråret.

J16 - lengde
Sanne er rangert mellom dei nest-beste i lengde (4,79 inne i vinter). Favoritten heiter Kaja Skarland frå nord-trønderske Overhalla.

J18/19 - lengde
Det er opptil fleire sterke namn med i denne øvinga, men Monika Benserud får favoritt-stempelet.

J18/19  tresteg
Og Monika har endå klarare favoritt-stempel i tresteg.

G15 - 800 meter
Dette er på papiret ei øvinga med mulegheter for vår ungdom, Thomas Blücher.  På mitt litt gulna papir er han ikkje langt unna medaljesjanse. Martin Berntzen Engevik (Nittedal) må finna seg i å vera favoritt også her - som på 1500 meter.

G15 - lengde
Gjert Høie Sjursen er utvilsamt gullkandidat i denne øvinga, truleg i spesielt hard kamp med Hellas sin Mathias Kollberg (Hellas, Drammen, that is).

G15 - kule
I kule er det også Gjert som finst på startlista frå Gneist. Her er det Ås IL sin Simen Sebastian Hansen som er klar favoritt, med Gjert som like klar sølv-kandidat.

G17 - 800 meter
Ei av dei mst spennande øvingane i helga er - igjen; på papiret - 800 meter i Gutar 17. Ein av grunnane til det er at her finst heile 3 Gneist-ungdommar som kan hevda seg topp 5. Eg gir Henrik Irgens Gravdal favoritt-stempelet, men både Vegard Albrigtsen og The Come Back Kid, Casper Stenersen, er truleg i sjiktet rundt pallen.

G17 - tresteg
Sondre Rinde leitar etter tresteg-formen frå fjoråret, men medalje bør det bli i helga. Henrik Skulevold frå Sandnes er favoritt, men Sondre på sitt beste kan slå alle her.

G18/19 - tresteg
Ein som har vanskar med å koma seg frå inne-UM (og gjerne andre meisterskap også) utan medalje, det er Henrik Almenningen. Det bør kunna bli ein ny dette året i ei øving, der Erik Lund, som no representerer BUL, er klar favoritt.

**

Så er Gneist påmeldt i to stafettar i helga:

4 x 200 meter, G15-17 og 4 x 200 meter, J15-17. Stafettar er det alltid eit sjansespel å spå om; kven som står på startlistene på førehand er éin ting, noko anna er kven som faktisk stiller på slutten av eit tøft meisterskap. Eg tippar likevel to medaljar - og at kan henda det er gutane som er aller sterkast i stafett-samanheng denne gongen, til ei forandring.

**

Så er det mange som lurer på kor mange medaljar dette blir - og om Gneist blir beste klubb i inne-UM? Vel, til vanleg får me litt skadar, sjukdom og/eller bort-veljingar av øvingar, men likevel: Det ligg til rette for ein medaljefest og ny inne-UM- rekord for Gneist. Min prognose seier 25 medaljar og 9 gull.

Og beste klubb? Under føresetnad av at spådommen over slår til, så vil det forundra meg om ikkje Gneist har sjansen til å utfordra Tyrving denne gongen i tal på medaljar. I tal på gull så spørs det kva kor mange Dimna/Karsten Warholm plukkar :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar