fredag 6. mars 2015

Medaljefesten i gang - inne-UM dag 1

Det er lova fine prestasjonar og mange medaljar i nye-hallen i Ulsteinvik. Og det blei så godt som full innfriing første dag - med sju Gneist- medaljar:



GULL
- Gjert Høie Sjursen fekk sitt aller første nasjonale meisterskapsgull med suveren siger på 60 meter hekk (84 cm) i G15 - tid: 8,69.
- Endå meir suveren var Monika Benserud, som vann gullet i tresteg i J18/19 med 12,56. Ho var om lag 90 centimeter framfor nr. 2.

SØLV
- Sondre Rinde fekk eit oppskriftsmessig sølv på 60 meter hekk (91,4 cm) i G17. Tid: 8,96.

BRONSE
- Første nasjonale meisterskapsmedalje noterer me til Anna Evensen, som slo til med 9,34 på sin 60 meter hekk (76,2 cm) i J15 og med det var ho berre fem hundredelar frå sølvet.
- Sondre Rinde fekk med seg medalje nr. 2 då det blei bronse i tresteg i G17. Lengda blei 12,60 på Sondre denne gongen. På den eine sida er dette eit godt stykke frå pers og Sondre sitt maks-nivå, men samtidig redda han bronsen med éin centimeter.
- Som nemnt: Det er vanskeleg å senda Henrik Almenningen til eit meisterskap utan at han får med seg medalje heim. Med 13 meter blankt i tresteg i G18/19 så blei det ny bronse på Henrik. 13 meter er få centimeter unna pers.
- Gjert Høie Sjursen fekk også med seg bronse i kule i G15 - med 12,98.

** Elles var Renate Lie særs nær medalje, då ho blei nr. 4 på sin 400 meter i J17¨

** Anna Evensen innepersa i sitt forsøksheat på 60 meter. Ny innepers er 8,52.

** Også Gjert Høie Sjursen fekk seg ei fin tid i sitt forsøksheat på 60 meter: 7,64.


** Og på medaljestatistikken har DIMNA heilt ubeskjedent teke leiinga i tal på gull (4), men flest medaljar er det GNEIST som har (7), knepent framfor Sandnes og Ålesund (6).


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar