tirsdag 3. mars 2015

Før inne-UM - I

La det vera sagt  med ein gong; eg har ingen kjennskap til sjukdom- eller skadesituasjonen, verken for Gneist-utøvarar eller for konkurrentar før komande helgs inne-UM i Ulsteinvik. Eg har startlistene å halda meg til - og dei er spennande nok.

Me har nyleg lagt bak oss eit ski-VM med ein formidabel medaljefangst for Norge. Gneist og UM (for så vidt både inne og ute) har også vore ein suksesshistorie dei siste par åra. Det er godt muleg at den held fram i helga.



Her kjem ein første dose med fabuleringar, basert på startlistene:

J15 - 60 meter
Det er fleire meisterskapsdebutantar til helga. Ei av dei er haustens tv-stjerne Anna Evensen. TV-øvinga hekk får me koma tilbake til. På 60 meter stiller nok Anna litt bak i køen. Her er Emilie Sandberg frå Sandnes favoritt.

J15 - 200 meter
Anna står på startstreken også på 200 meter. Her er det Josefine Eriksen frå Larvik som har sterkast innetid i vinter.

J16 - 200 meter
Malin Marie Rosvoll Olsen får stadig notert betre tider i løp, men konkurransen til helga blir sterk. Ingvild Meinseth frå Sørild er favoritten. Malin Edland frå Larvik er eit anna sterkt namn på startlista.

J16 - 1500 meter
Nemnde Malin Edland er på startlista også på den sju og ein halv gang lengre distansen. Ho er dermed utfordrar til distanse-favoritten, Ingvild Myking.

J17 - 200 meter
Renate Lie - 17 år og ei veke - er 7. rangert på 200 meter, der råsterke Helene Rønningen frå Tyrving er på startlista som favoritt.

J17 - 400 meter
Ei Tyrving-jente, Mari Drabløs, er favoritt også på den doble distansen i klassen, men her er Renate langt klarare medaljekandidat.

J18/19 - 1500 meter
Elisabeth Angell Bergh frå Haugesund er klar favoritt på distansen. 1500 meter-eksperten i inne-UM, Eline Myking, får det tøffare dette året med å gå heilt til topps, men Eline er definitivt medaljekandidat. Gneist har to jenter til med på distansen; Ingrid Næss Johansen og Elina Drivenes. Det er ikkje kvardagskost at Elina er påmeldt såpass lange løp, men det blir definitivt spennande.

G15 - 200 meter
Her er Filip Bøe frå Fana favoritten, medan Gjert Høie Sjursen heilt klart er medaljekandidat, primært til bronseplassen.

G15 - 1500 meter
Spennande meiserskapsdebut også for Thomas Blücher. Er Thomas i slag, så er også han i utfordrarposisjon. Favoritt er ein som delvis er litt vår han også, Nittedal sin Martin Berntzen Engevik.

G16 - 60meter
Her er det Kristoffer Blücher og Jakob Jamt Ånonli som representer Gneist. Jakob er i solid framgang og er å finna mellom dei nest-beste på førehand. Kristoffer er gull-utfordrar, saman med mellom andre Haugesund sin Morten Endresen.

G16 - 200 meter
Også her er det Kristoffer og Jakob som er Gneist-utøvarane. Både Haugesund sin Endresen og Kristoffer er gull-/medaljekandidatar, men Fredrik Øvereng frå Overhalla har notert best tid inne av dei som har sprunge i vinter. Jakob er rangert som nr. 7 på førehand.

G17 - 200 meter
Sondre Rinde er vår mann på denne distansen. Sondre har sterkare kort i ermet enn denne 200-meteren, der Johannes Kalleberg frå BUL har best tid på førehand.

G17 - 1500 meter
Noko av det aller mest spennande på startlista er annonsert bane- come back - etter fire år (!) - for Casper Stenersen. Den andre i det tidlegare så sterke tospannet, Henrik Irgens Gravdal, er favoritt på distansen, men både Casper og tredjemann, Vegard Albrigtsen, er mellom utfordrarane. Sterkast imot er på papiret Tønsberg sin Oliver Vedvik.

G18/19 - 60 meter
I Amund Høe Sjursen sitt fråver er det Henrik Almenningen som representerer Gneist i desse øvingane i 18/19-klassen. Henrik vil bita sterkare frå seg i hoppøvingane. Medaljefavorittane er Amund sine gamle kompisar frå juniorlandslaget sitt stafettlag: Karsten Warholm (Dimna), Even Meinseth (Sørild) og Jonathan Quarcoo (Orion).

G18/19 - 1500 meter
Håvard Lalit Øglænd (Stavanger Friidrettsklubb) er mellom dei mellom- og langdistansejuniorane som har gått litt under radaren. No er han i høgste grad registrert som kanskje den største favoritten til helga. Stian Øvergaard Aarvik kan, sjølv om han enno ikkje er fylt 18, vera med og kjempa om medalje på ein god dag. Også Stian Norheim er deltakar frå Gneist.

**

Skal eg så omsetja desse få linjene til ein førebels medaljeprognose, så ser det slik ut:

2 gull - 4 sølv - 3 bronse.

Men mange øvingar gjenstår å førehandsstudera.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar