mandag 9. mars 2015

Medaljeutviklinga i inne-UM: ei sterk soge


Eg ser at det er fleire uoffisielle medaljelister frå inne-UM og at ikkje alle er 100 prosent korrekte - heller ikkje mi! Det er mange øvingar og ikkje lett å få med seg alt eller halda tunga beint i munnen. Veit nokon kva for medalje Hattfjelldal fekk i inne-UM, til dømes? Eller kor det var Sykkylven plukka sine?

No ja, det viktigaste er å ha kontroll på dei lokale heltane. (Tenk om Fana og Gneist hadde samarbeida, det kunne blitt fantastisk bra! No ja.)

Og utviklinga i inne-UM på 2010-talet har vore strålande for Gneist Friidrett.

I 2010 var eg med til Jonas Fjeld, Donkeyboy og mine sommarferiars by, Drammen, til nokon og 20 minusgrader ute og til friidrett i ein gammaldags hall - sjølvaste Drammenshallen.

Det var rett før eg blei statistikar på skikkleg og framleis ti månader før Bloggen såg dagens lys, men eg hugsar godt Andreas Iden sine to sølv - på 800 og 1500 - og Marianne Benserud sin bronse i stav. Begge var med i sitt aller første UM.

Her er morgondagens 20-årsjubilant frå bronse-løpet i Sandnes i 2012:



Frå 2011 var hallane blitt moderne og Gneist har plukka fleire og fleire medaljar. Av ein eller annan grunn blei det ein liten dupp i Sandnes i 2012, elles har pila peika opp-opp. Ja, sjølv om det blei nedgang i talet på medaljar i 2014, så blei det samtidig tre fleire gull enn året før:

2011 (Ranheim)
** 3 gull, 4 sølv, 3 bronse (10 medaljar)
** Nr. 10 på medalje-statistikken

2012 (Sandnes)
** 2 gull, 2 sølv, 2 bronse (6 medaljar)
** nr. 15 på medalje-statistikken

2013 (Steinkjer)
** 5 gull, 11 sølv, 5 bronse (21 medaljar)
** nr. 4 på medalje-statistikken

2014 (Bærum)
** 8 gull, 7 sølv, 3 bronser (18 medaljar)
** Nr. 2 på medalje-statistikken

2015 (Ulsteinvik)
** 9 gull, 7 sølv, 7 bronse (23 medaljar)
** Så vidt nr. 2 på medalje-statistikken

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar