søndag 22. mars 2015

Jens og sunnhordlendingane: KM i terrengløp

Som annonsert blei det eit terreng-KM på Stord med relativt laber deltaking totalt, med svært få frå Gneist - og med ei rekkje frå arrangørklubben Stord.

Når det er nemnt; heider til den som fortener det: KM-gull til Jens Larsen Åstveit i G18/19 og bronse i same klasse til Stian Norheim.



Halldor Espe følgde opp på 4. plass i same klasse. Men det blei KM-gull også til Adele Henriksen i J13. Ho blei rettnok slegen av eit par Haugesund-jenter - og det blei bronse til Thyra Hevrøy i J18/19.

KM elles blei prega av Stord-øya:

J11: Her tok Linnea Vestbøstad eit etter måten sjeldan terreng-KM- gull heim til Fitjar. Sidan 2008 (då underteikna tok til å notera seg ting) er det Gneist som har flest gull i klassen - med to.

J12: Mathilde Almås frå Stord blei KM-vinnar. Også her har Gneist to KM-gull i nemnde periode.

J13: Adele Henriksen frå Gneist følgde opp ein stolt tradisjon i klassen. Dette var femte KM-gullet sidan 2008! (av altså åtte mulege)

J14: Her var det ingen deltakarar i år. Dei siste åra elles har vinnarane kome frå ulike klubbar.

J15: Heller ikkje i denne klassen nokon deltakarar. Også her har Gneist flest KM-gull siste åra (2).

J16: Her blei det siger til Esther Zijerveld frå Laksevåg. Gneist har 3 gull i klassen siste åra.

J17: Ingen deltakarar. Her har faktisk Gneist 0 KM-gull sidan 2008, Bergens Turnforening har to.

J18/19: Gull til Stord si Mari Aarskog Nesse. Heller ikkje her har det vore Gneist (eller BFG)-sigrar i det seinaste, Norna-Salhus har to.

U23: Ingen deltakarar  for andre året. Gular har fire gull siste åra.

KS: Gull til Eli Anne Dvergsdal frå Gular. Også her har det vore Gular-dominans (5)

G11: Jon Simon Dale Lekven sikra Stord endå eit KM-gull. Dette har ikkje vore nokon Gneist-klasse, medan Osterøy faktisk har to gull her.

G12: Og sunnhordlendingane stoppa ikkje der: Julian Skimmeland Aasheim vann og sikra Stord deira andre gull i klassen sidan 2008, like mange som Gneist har.

G13: Her vann Eivind Herdlevær frå Norna-Salhus. Også her har Gneist to gull.

G14: Jesper Jensen frå Ask vann og sikra klubben det andre KM-gullet i klassen på tre år, medan Gneist har tre gull, frå 2009, 2010 og 2012.

G15: Andreas Vågen frå Fri vann. Her har Varegg henta seg to gull.

G16: Norna-Salhus sin Vetle Bergsvik Thorn står høgast på lista og tok klubbens andre KM-gull i klassen siste åra - Gneist har også to.

G17: Magnus Enes Heggøy sikra Ask eit KM-gull nr. 2 - det andre på rad til Ask i klassen.

G18/19: Her vann altså Jens Larsen Åstveit frå Gneist - og det var første sigeren i klassen til Gneist sidan før-bloggsk tid. Før Jens vann hadde Norna-Salhus tre KM-gull på rappen.

U23: Etter to KM- gull på rad til BFG Bergen i klassen var det duka for Bjørn Rusten Lundberg frå Norna-Salhus denne gongen.

MS: Til sist blei det KM-gull til haugesundaren Magnus Sirnes Hjellum - for tida Gular - og også i denne seniorklassen er det Gular som har styrt ståket siste åra, med i alle fall fire gull.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar