torsdag 2. mai 2013

Veterankonkurransen 2013

På ein dag då nokre av oss håpar på å unngå for mykje haglbyger under vår innsats i det tredje løpet av Bedriftskarusellen, så er det på tide å kikka på veteraninnsatsen innhomhus i Bloggens eigen "veterankonkurranse".

Nytt av året er at me definerer konkurransen som ein BFG-konkurranse, det vil seia alle dei som er 35 år og eldre - veteranar, altså - som plukkar seriepoeng for BFG. Utanom det gjeld det same regel; det er berre å legga saman poeng i flest muleg øvingar. Så sjølv om me har eit par veteranstjerner i falden vår, så kan dei takast igjen dersom andre spring, hoppar og kastar for harde livet.

Vel, vel, det er Petter Rasmussen som ligg høgast på lista mi, etter tre habile løp innandørs på 800, 1500 og 3000. Bak der følgjer ei anna veteranstjerne, trenar Bjarte Eikanger, medan ein annan trenar, Geir Sjursen, er tredjemann etter hoppinnsatsen på Ytrebygda i februar.

Med denne utvidinga av konkurransen finst alt no 12 namn på lista - det er bra! Mindre bra er det naturlegvis at det er 12 menn...

Dette er stillingen - etter innandørssesongen (pluss eit par 10.000-metrar utandørs):

1. Petter Rasmussen 1164p
2. Bjarte Eikanger 1075p
3. Geir Sjursen 931p
4. Morten Seliussen 911p
5. Yngve Kiserud 659p
6. Sigve Stenersen 645p
7. Egil Johan Hessen 607p
8. Robert Hisdal 574p
9. Ole Viken 460p
10. Trond Leikvoll 390p
11. Arve Rinde 325p
12. Arne Lillefosse 170p

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar