onsdag 1. mai 2013

Torsteins generasjon

Askstafetten føregjekk under full haust den 1. mai. Alle slags versortar møttest, omtrent samtidig, men utøvarane dei dreiv no berre på og sprang, dei - med nokre unntak.

Årets Askstafett blei ein ganske vellykka affære for BFG. Tre sigrar og to andreplassar for senior- og juniorlaga talar sitt tydelege språk.

I kvinner, junior har det vore litt av og på med deltakinga. Andreplass har ikkje dette laget hatt sidan 2009.

Kvinner, senior har no to variantar under Askstafetten, ein tradisjonell stafett med fire etappar og ei nyvinning (frå i fjor) med seks etappar. Fire-etappars-laget til BFG hadde siger dei siste fem åra, men i år blei det andreplass, godt bak AKS-77 sitt lag.

På den andre sida var det jo strålande at seks-etapparslaget gjekk heilt til topps. Rettnok var det Gularjenter som slutta å springa, men det handlar jo nettopp om det, å springa og å koma til neste veksling og til slutt i mål!

Menn, junior- laget vann klart - den første sigeren i juniorklassen sidan 2008! Og tida til juniorlaget var også glitrande, berre to sekund bak Skjalg si tid på 4. plass i senior A.

Og juniorlaget var også 13 sekund framfor vinnarlaget i senior B, som også var BFG Bergen sitt lag. Her har BFG to sigrar dei siste åra, i 2011 og no i år, i 2013.

Alt i alt viser dette ein solid framgang for BFG-utøvarane og -laga.

Det er no berre på denne tida på året ein opplever det, men nett no glødar bloggar og andre nettstader over av "Gular mot BFG"-retorikk, seinast - om enn indirekte - i dette innlegget på Vidar Dahle, Gular, sin blogg.

Men, men. Chrissie Hynde i Pretenders sa det ein gong i ein song, I guess action speaks louder than words.

Og handlingane til BFG vil venteleg snakka tydelegare for seg etter kvart.

Og kven er det som "kjem" i BFG? Jo, det er ungdommane. Og det er i stort monn Gneist-ungdommar frå Torstein Erichsens regime - oppvaksne som dei er med bakkeløp på Siljustøl og opp mot Skeie skole, turar i Hordnesskogen og intervallar på Fana Stadion.

Duellen Torstein Erichsens generasjon - Gular blir spennande den, dei komande åra.



Ask-stafetten

2008
2009
2010
2011
2012
2013
KJ
1
2
-
3
-
2
KS (4etp.)
1
1
1
1
1
2
KS (6etp.)




2
1
MJ
1
3
2
2
3
1
MS-B
2
3
4
1
3
1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar