mandag 13. mai 2013

Fanalekene - dag 3

Då blei det nesten vårver siste dagen av Fanalekene, der mellom anan rekruttane fekk boltra seg - denne gongen med svært smålåten deltaking frå dei yngste i Gneist.

Mellom dei eldste var det eitt og anna å notera seg også frå siste dag av første store stemne på Fana Stadion:

Kristoffer Blücher (G14) sprang endå fortare på distansen inne i vinter,men det blei då 24,68 på 200 meter (1010 poeng) - i god motvind, som det var på dei aller fleste sprintløpa søndag.

Pål Haugen Lillefosse (G12) hoppa 10,40 i tresteg (1030 poeng) og sprang på 11,61 på 80 meter (843 poeng).

Over 1000 poeng blei det også på Anna Evensen (J13). Det skjedde i tresteg, der det blei 10,40 på Anna (1001 poeng). På 200 meter blei det 29,01 (897 poeng) og på 80 meter fekk ho tida 11,63 (836 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) har ei gjævare tid på 200 meter frå innesesongen, men sprang på 24,27 søndag - i heile 3,5 sekundmeter motvind. Det gir 934 tyrvingpoeng. På 80 meter blei det 10,12 på Emil (885 poeng).

Herman Ellingsen (G11) sprang ned på den kjekke tida 29,99 på 200 meter (932 poeng).

Sondre Rinde (G15) sprang på 10,14 på 80 meter (925 poeng), noko som er den første klubbrekorden på distansen i årsklassen som er notert i Gneist. Han hoppa også 11,92 i tresteg (912 poeng).

Tobias Allers-Hansen (G10) hopa 7,34 i tresteg (914 poeng).

Ny (ledig) klubbrekord på 80 meter blei det også på Maren Haugen Lillefosse (J15). Tida hennar blei 11,01 (892 poeng).

Emma A. Voldsund (J10) sprang 80-meteren på 12,74 (886 poeng).

Og i serien av (splitter nye) klubbrekordar på 80 meter noterer me oss også Magnus Leikvoll (G17) som sprang på 10,53.

... Og neste gong det er storstemne heime på Fana Stadion er det Norna-Salhus sine Framoleker det handlar om, i månadsskiftet mai/juni. Vågar me håpa på betre ver, ja til og med Framover til dess?...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar