lørdag 11. mai 2013

Fanalekene - dag 2

Ryktene om det fina veret til Fanalekene var monaleg overdrivne. Rettnok skein det over utpå ettermiddagen, men då var det meste over og utøvarar og publikummar gode og våte.

Pål Haugen Lillefosse (G12) hoppa heile 4,87 i lengde (984 poeng), noko som er berre 2 centimeter bak ein 27 år gammal klubbrekord. Her er mange sjansar utover til å ta den! Han har vore endå raskare innomhus, men det blei då flotte 10,09 på 60 meter hekk (1022 poeng). Det var ikkje høgdever lørdag, men det blei no 1,40 på Pål (930 poeng).

Klubbrekord blei det også lørdag på Kristoffer Blücher (G14). Han senka Sondre Rinde sin eitt år gamle rekord på 100 meter med tre hundredelar til 12,28 (1011 poeng). På 600 meter blei det "smålåtne" 1:33,16 (943 poeng) på Kristoffer. I lengde hoppa han 5,41 med godkjent vind (932 poeng).

Det var for mykje vind imot på lørdagens 100 meter for Amund Høie Sjursen, men i staden nytta han sjansen til å starta årets jakt på hovud-NM- kravet i lengde. Det blei 6,52 (984 poeng).


Anna Evensen (J13) sprang 60 meter hekk på 10,27 (967 poeng), hoppa 4,55 i lengde (905 poeng) og sprang 100 meter på 14,39 (841 poeng).


Jens Larsen Åstveit (G16) held fram med å springa på eit jamt høgt nivå. Denne gongen blei det 1:27,94 på 600 meter (949 poeng).

Det er svært sjeldan at Thomas Blücher (G13) er så nær broderen i tid på 600 meter som han var lørdag. Thomas kom seg nemleg heilt ned på 1:37,33 (926 poeng).

Herman Ellingsen (G11) har så langt vore uheldig med ikkje å få opp vindmålingar på løpa sine, sikkert ikkje hans feil, men i høgde slapp han det problemet. Der vann han på 1,25 (909 poeng). I lengde fekk Herman seg så endelg vindmåling. Her blei det 4,07 (904 poeng).

Mathias Algrøy (G11) blei nr. 2 i høgde på 1,20 (874 poeng). I lengde blei det 3,69 på Mathias (828 poeng).

Emma Dahl Sørbo (J10) hoppa fine 3,47 i lengde (867 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) hoppa 4,65 i lengde (860 poeng) og betra seg til 13,87 på 100 meter (818 poeng). I spyd blei det like så godt klubbrekord også: Her kasta Gjert 35,55 (802 poeng), noko som er sju meter lengre enn Stian Norheim - den kjende spydkjempen - sitt kast frå 2009.

Kristian Schjønningsen (G14) sprang 600 meter på 1:38,25 (811 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar