fredag 3. mai 2013

Historietime: banestafettar og terreng 2006

Me skal, seiest det, prøva læra noko av historia - og kanskje til og med av vår nære historie.

To viktige BFG-lærdommar:

* Skap miljø og breidde.

* Ta vare på ungdommane.

I 2006 blei det, som no, arrangert to NM i terrengløp, eit i kort løype på våren og eit i lang løype på hausten. BFG sin einaste deltakar var husnesingen Kirsten Melkevik (Otterbu). Sjølv då kortløypa gjekk i regi av Gular på Storetveit, fekk ho ikkje selskap av andre frå klubben sør i byn. Når det er sagt: Kirsten representete klubben godt: I kortløypa tok ho bronse, berre sekundet bak sølvvinnar Ingvild Måkestad. Og i langløypa i Halden på haustparten vann Kirsten klart, over minuttet framfor nr. 2. 2006 var i det heile ein flott sesong for Kirsten.

I 2013 skal NM i banestafettar gå i Sandnes. For sju år sidan gjekk meisterskapet i byen like nordom Sandnes - Stavanger. Her var det betre BFG-deltaking enn for terrengløpa.

På 1500 meter for menn junior, der BFG har vore jamleg medaljekandidat dei siste åra (inkludert dette året), så blei det 5. plass, med to som i dag representerer andre bergensklubbar, Kristoffer Grindedal Janson og Erik Hovlansdal på dei to siste etappane. Dei to andre på laget var Håvard Hasås og Marius Søvik.

Håvard, Kristoffer og Marius var også med på 4 x 400 meter-laget (MJ), saman med Mats Benserud. Her blei det 4. plass.

Det blei to sølvmedaljar på BFG i 2006. Begge var det jentelag som henta og tre utøvarar var med på begge laga:

På 4 x 400 meter (KJ) sprang Katrine Fjærestad, Ane F. Zakariassen, Synne Rørvik og Martine Eikemo Borge.

På den doble distansen (også det i kvinner junior) var Katrine Fjærestad bytta ut med Karen Hansen.


Tilbake til utgangspunktet:
Denne førre generasjonen i BFG var for liten og ein evna ikkje å bringa den over - som eit miljø - til BFG som ein seniorklubb. Framleis har me Martine Eikemo Borge i klubben, men elles er det svært tynt på seniorsida. No finst det nye sjansar - og dei må gripast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar