torsdag 9. mai 2013

Før Holmenkollstafetten - I

Eg registrerer at Bergens Tidende igjen har eit einsidig fokus på Idrottslaget Gular når friidrett - spesielt friidrett som lag-/stafettidrett - skal omtalast her lokalt. Det skjedde før Askstafetten og det skjer igjen no før Holmenkollstafetten.

I gårsdagens papiroppslag er det Gular sine vinnarsjansar og Gular sin historikk i Holmenkollstafetten som er tema. Det er ikkje nemnt eitt ord om at det finst andre lag frå Bergen med. Ja, sjølvaste BERGEN-laget, BFG Bergen, er ikkje nemnt av Bergens Tidende.

Men paradokset stoppar ikkje der.

Gular er ein klubb av innflyttarar. Rettnok er det denne gongen ein god del hordalendingar utanom Bergen som prydar laget, og slikt kan nok vera alibi godt nok for "Vestlandets storavis" - men bergensarar er det dei færraste på laget som er. Halfdan-Emil Færø frå Ostereidet er profilen i oppslaget, men på laget finn me også  Terje Aggvin frå Varaldsøy i Kvinnherad, Thomas Solberg Eide og Kjetil Måkestad frå Odda, Marius Vedvik frå Førde, Bjørnar Sandnes Lillefosse frå Strandebarm, Jonas Lurås Hammer er frå Lørenskog og Peter Quarcoo er frå det nordlege Austland.

BFG Bergen derimot har éin gjesteartist - frå sjølvaste Malaga, Espana. Men elles er det bergensarar og dei aller fleste er oppala i lokalmiljøet rundt Fana Stadion attpå. Utanom Miguel har me vel ikkje strekt oss lengre enn at me har henta Vegard og Steffen på nest-siste og siste etappe frå Kalandseid IL - vår nye samarbeidsklubb. Kalandseid er, sist eg såg etter, framleis innanfor Bergen by sine grenser.

Og: BFG Bergen har også eit gjennomgåande ungt lag, i tillegg til at me har to av våre fremste ungdommar i bakhand til neste høve. (Ja da, me har også Bjarte med - men han er definitivt ung i sinn.)

Det einsidige fokuset på Gular er for meg i slekt med oppslaga frå i fjor vår om "sensasjonsløp" frå den "ukjente" Henrik Ingebrigtsen, då han sletta 1500m-rekorden til Lars Martin Kaupang. Enten så følgjer ein ikkje med, eller så følgjer ein berre med på ein så snever del av friidretten at ein ikkje skjønar kva som skjer.

Før ein veit ordet av det, så kjem sensasjonsoppslaget om at BFG Bergen har slege Gular i Holmenkollstafetten. Kor det kjem?

I BA.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar