fredag 10. mai 2013

Uttak er verdas lønn

Det er mange flinke idrettsutøvarar som må til for at ein kan stilla lag i Holmenkollstafetten. Det er heile 15 utøvarar på kvart av elitelaga, det blir 30 til saman. I tillegg er det kanskje ein reserve eller to. For ting kan skje. Og ting skjer. Nesten alltid. Det kan vera snakk om små skadar eller store skadar - eller sjukdom. Men den våren me har hatt så langt, er det godt gjort å ikkje pådra seg eit eller anna.

Og så er det nokon som arbeider hardt med uttak. Ein skal få tak i motiverte løparar og ein skal plassera og balansera lag på beste viset.

Her er det berre å rosa uttakskomité på beste vis!

I 12. time måtte Rebecca Wade kasta inn handkledet på BFG sitt kvinnelag. Det var naturlegvis veldig synd; Rebecca har vist kanonform så langt i vinter/vår.

Men inn har kome vår gamle slitar på dei lengste distansane, Pernille Thomassen. Pernille leverte så seint som i 2012 på høgt nivå, både i stafettar og på bane for BFG, så dette var ei god løysing! Ei veldig sporty innstilling  frå Pernille, som no har gjort vestfolding av seg, berre halvtanna døger før starten (som no er i morgon ettermiddag).

Det er også gjort ei lita rokering elles på laget, slik at det no ser slik ut for kvinner: Renate Lie - Thyra Hevrøy - Vilde Lund Bjørnsen - Eline Myking - Ingrid Næss Johansen - Therese Sjursen - Ragnhild Andersson - Ingrid Helene Nyhus - Linn Seliussen - Pernille Thomassen - Anna Serine Røssland - Monika Benserud - Elina Drivenes - Vilde Omholt - Sara Berrefjord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar