torsdag 9. mai 2013

Før Holmenkollstafetten - II

Ok. No til idretten.

Det var to - må eg vedgå - overraskande sterke prestasjonar frå BFG-elitelaga i 2012:

Elitelaget for kvinner tok ein fin 10. plass. Det var rettnok den svakaste plasseringa på ein god del år, men halvparten av laget bestod av førsteårsjuniorar. Det var symbolsk då framleis berre 14 år gamle Ingrid Næss Johansen la ut på første-etappe. Her var det unge, talentfulle jenter som plasserte BFG trygt og godt på kartet.

Det er framleis eit ungt og godt lag. Dei fleste førsteårsjuniorane frå i fjor er no blitt andreårsjuniorar og har alt bevist at dei har teke eit nytt steg. Inn på laget kjem dette året to førsteårsjuniorar, der Renate Lie seinast tirsdag viste at ho er i kanonform. På resultatlista i 2012 var det eit stykke opp til laga framfor BFG, men tett bakover. Slik sett er det eit rimeleg mål å forsvara 10. plassen og ta det som ein solid bonus om laget klatrar ytterlegare - dette året.

Her er laget - i etapperekkefølgje: Ingrid Næss Johansen - Thyra Hevrøy - Vilde Lund Bjørnsen - Eline Myking - Renate Lie - Therese Sjursen - Ragnhild Andersson - Ingrid Helene Nyhus - Linn Seliussen - Rebecca Wade - Anna Serine Røssland - Monika Benserud - Elina Drivenes - Vilde Omholt - Sara Berrefjord.

Mennenes elitelag slo skikkeleg til i 2012: Dei klatra heilt opp frå 16. plass til 8. plass, den beste BFG-plasseringa i Holmenkollstafetten siste tiåret. Det er dessverre slik at to av dei største talenta i BFG, Stian Øvergaard Aarvik og Henrik Irgens Gravdal, ikkje kunne delta dette året. No ser me framover og tenker at me har dei i bakhand og at framtidsutsiktene er endå betre i 2014. Men mellom dei som faktisk deltar i år, er det heilt klart ein god porsjon formløparar.

Mennene sitt lag var tettare på 5. plassen i fjor enn det var å falla ned på 9. plass. No endrar ting seg, dette er ein relativ konkurranse - som all stafett er - og det kan skje ekstra mykje når det er heile 15 etappar som skal fordelast på ulike lag. Men også her er forsvar av 8. plass eller betre eit naturleg mål. Men det er også snakk om å vera stabil topp 10 i Eliten. Dei fire føregåande åra har BFG vore svært nær nedrykk.

Årets lag er: Erlend Gjerdevik Sørtveit - Robert Hisdal - Anders Strømblad Hansen - Espen Roll Karlsen - Ole Martin Røssland - Thorbjørn T. Ludvigsen - Miguel Blanco Maldonado - Anders Daltveit - Sondre Fagerås Hope - Bjarte Eikanger - Jørgen Austvik - Aleksander Lie - Andreas Iden - Vegard Austevoll - Steffen Algrøy Boga.

OPPDATERT: Skadar kjem til å endra lagoppstillinga - surprise, surprise - heilt inn mot fristen fredag morgon. Følg med, følg med...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar