Nokre Gneist- og BFG-utøvarar (gutar/menn) tok turen til Arna og friidrettsparken der onsdag kveld. Som vanleg er, så samla springarane i BFG seg om éin distanse - denne gongen blei det 800 meter. Og her var det mykje bra å henta, trass i at verforholda ikkje blei dei aller beste (etter strålande start på dagen).
Me fekk dei to beste 800 meter-løpa i BFG så langt i utesesongen: Erlend Gjerdevik Sørtveit sprang på 2:01,46 (865 tyrvingpoeng) og Jørgen Austvik kom i mål på 2:02,52. No nærmar 2-grensa seg for begge to.
Stian Øvergaard Aarvik (G16) sprang på 2:05,80 (895 poeng).
Jens Larsen Åstveit (G16) held fram det som alt teiknar til å bli ein stor sesong. Han sprang 800-tida si ned til 2:06,07 (890 poeng) då han vann "B-heatet" for menn senior.
Stian Norheim (G17) persa på nytt og er no under 2.10 for første gong. Ny bestetid er 2:09,45 (784 poeng).
... Og så ein klubbrekord i Gneist i kast: Gjert Høie Sjursen (G13) betra den to år gamle rekorden til Sondre Rinde med godt og vel to meter i diskos (0,75kg). Diskosen landa på 29,99. I tillegg blei det 11,73 i kule på Gjert (893 poeng).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar