mandag 6. mai 2013

Grand Opening

BFG sitt opningsstemne skal - ifølgje meteorologane - gå av stabelen i ei lomme av full vår tirsdag ettermiddag/kveld. Det er i så fall vel fortent for utøvarar (og oss andre), som har trassa kuling og regn i vekesvis og månadsvis.

Det er bra deltaking sånn generelt tirsdag kveld, medan det er glitrande deltaking på rosina-i-pøla- øvinga denne kvelden, nemleg 1500 meter for menn senior. Her er det ikkje mindre enn 30 (!) påmelde utøvarar, med Morten Velde frå Haugesund og - same kva klubbnamnet fortel - vår eigen Erik Hovlandsdal i spissen. Andre solide utøvarar i feltet er Jonas Lurås Hammer (Gular), Halfdan-Emil Færø (Gular), Bjørnar Lillefosse (Gular) og Magnus Sirnes Hjellum (Haugesund).

Men det er sterke BFG-arar med også, som me håpar alt tirsdag kan visa at dei er på veg til å ta nye steg. Fremste håpa på distansen er Jørgen Austvik, Erlend Gjerdevik Sørtveit, Andreas Iden og Henrik Irgens Gravdal.

Stor interesse knyter det seg også til 800-metrane, fordi desse er sentrale i siste rest av uttak før Holmenkollstafetten til helga. På 800 meter for menn, senior er det 14 påmelde utøvarar. BFG-håpa her er Steffen Boga, Anders Strømblad Hansen, Aleksander Lie, Robert Hisdal, Magnus Pettersen Lunde og Stian Norheim.

På jente-/kvinnesida er det også blitt såpass som 11 påmelde. Også her er brorparten våre eigne: Maria Josefine Berg, Thyra Hevrøy, Ingrid Næss Johansen, Renate Lie, Eline Myking, Vilde Omholt, Linn Seliussen og Tuva Straume.

Det blir også arrangert spennande konkurransar på 100m, 200m og 3000m.

Me gler oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar