torsdag 30. mai 2013

Framo dag 1 - strålande hinderstart

Det blei ein sommarleg start på Framolekene torsdag. Deltakinga i hovudøvinga på første dag, hinder, var ikkje all verda, men det var i alle fall Gneist-utøvarar som stort sett markerte seg i denne øvinga, der det også blei kåra kretsmeistrar.

Aller mest imponerande var - igjen - Henrik Irgens Gravdal, som med 4:27,72 på 1500 meter hinder sette ny kretsaldersrekord i G15. Dermed sletta Henrik Lars Lunde sin eitt år gamle rekord, frå Gøteborg i fjor. Heile 1111 tyrvingpoeng plukka også Henrik med seg.

Stian Øvergaard Aarvik (G16) gav Henrik kamp heile vegen inn på hinderløpet. Med 4:28,45 plasserer Stian seg på 3. plass i Hordaland gjennom alle tider for årsklassen. Det inneber også at han sletta Andreas Iden sin to år gamle klubbrekrod (4:39). Løpet var verdt 1063 tyrvingpoeng.

Eline Myking (J16) blei kretsmester på 1500 meter hinder i sitt debut-løp på distansen. Tida blei 5:26,15. Det er verdt heile 994 poeng og Eline sikra seg med det den ledige klubbrekorden i J16 på distansen.

Nr. 2 på 1500 meter hinder i J16 blei Ingrid Næss Johansen, som persa med nesten ni sekund frå sitt UM-løp på Askøy i fjor. Tida denne gongen blei 5:32,99 (963 poeng).

Ole Martin Røssland (G18) hadde sett seg større mål, men fekk slutt-tida 6:24,31 (961 poeng) på sitt 2000 meter hinder-løp.

Stian Norheim (G17) debuterte på 2000 meter hinder på ein flott måte. Tida blei 6:36,44 (953 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) imponerte i første del av sitt debut-løp på 1500 meter hinder, men ho var uheldig med eit par hinderpasseringar og ei vassgrav og måtte dermed "nøya" seg med 5:39,97 (931 poeng), men samtidig kan ho vera trygg på at her er det ein god del å gå på.

Anna Serine Røssland (J16) hadde denne gongen meldt seg opp til 2000 meter hinder i J17. Ho vann distansen på 7:23,13, som er pers med 26 sekund frå junior-NM i Sigdal i fjor. Anna Serine fekk seg den ledige klubbrekorden i Gneist, men tida er også tredje best i Hordaland gjennom alle tider for 16-åringar, bak Frida Berge og BFG-klubbrekordhaldar Helene Strømblad Hansen (7:19).

Og så til slutt til noko som ikkje var hinder: Gjert Høie Sjursen (G13) betra eigen klubbrekord i spyd (400g) då han kasta 37,92. Gjert hadde 35,55 frå før. Kastet er også verdt 858 tyrvingpoeng.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar