lørdag 11. mai 2013

Fanalekene - dag 1

Fana ser ut til å få ei betre vårhelg til sine leikar enn det dei kunne frykta tidlegare i veka. Og resultata følgjer veret. Ei rekkje strålande prestasjonar er å finna i listene frå dag 1. Eit par av dei aller sterkaste var det Gneist-utøvarar om stod for. Dei var på mange måtar ikkje overraskande likevel:

Pål Haugen Lillefosse (G12) heldt fram der han slapp i vinter: Betra persen i stav frå 3,31 til 3,32 - som altså er best i Europa for 11-åringar. 1122 tyrvingpoeng er det også verdt.

Kristoffer Blücher (G14) var den andre som sprengde skalaen, men også frå den kanten har me blitt godt vande dei siste åra. Denne gongen blei det sterke 42,18 på 300 meter hekk (1115 poeng). Det er godt over sekundet betre enn Sondre Rinde sin klubbrekord i fjor. Det er også 3. beste i landet i årsklassen gjennom alle tider og berre 23/100 bak Markus Loftås frå Osterøy sin kretsaldersrekord. Kristoffer sprang også 60-meteren på 7,60 (1040 poeng). Også det er ny klubbrekord (ute - Kristoffer sprang på 7,60 også innomhus), tre hundredelar framfor Fredrik Nesslin sin gamle rekord får 2002.

Sondre Rinde (G15) følgde opp med ein solid 300 meter hekk, også han. Han sprang på 41,83 (1053 poeng).

Amund Høie Sjursen (G17) sprang sin 60 meter på 7,20 (1027 poeng).

Eirik Leikvoll (G15) fekk til 3,40 i stav (965 poeng), og han sprang 60-meteren på 8,23 (816 poeng).


Emma A. Voldsund (J10) kasta 150g-ballen så langt som 36,07 (961 poeng) og ho sprang 60 meter på 9,76 (862 poeng).

Maren Haugen Lillefosse (J15) utesesong-debuterte med 8,32 på 60 meter (954 poeng).


Jens Larsen Åstveit (G16) kom seg fint under UM-kravet på 3000 meter, då han vann øvinga med 9:47,40 (904 poeng).

Anna Evensen (J13) sprang sin 60 meter på 8,78 (897 poeng).

Marianne Benserud (J18) kom seg over akkurat 3 meter i stav (880 poeng).

Tobias Allers-Hansen (G10) kasta den vesle ballen 38,51 meter (857 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) kom i mål på 8,86 på sin 60 meter (835 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) sprang ein ny solid sprint. Denne gongen blei det 8,69 på 60 meter (813 poeng).

Magnus Leikvoll (G17) sprang inn til 8,02 på 60 meter (805 poeng).

(Så noterer me at Herman Elllingsen (G11) sprang 60 mete på 9,24, som er verdt 881 tyrvingpoeng. Førebels manglar det vindmåling på Herman sitt løp, men alt tyder på godkjent vind (sannsynlegvis litt imot).)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar