søndag 5. mai 2013

I gang

Utesesongen er så smått i gang. Det var berre ei handfull resultat på Leikvang lørdag, då Hovdingleikane gjekk av stabelen, men det var ein passande start i eit elles surt vårver. Sjølv prioriterte eg vene Sunnhordland denne gongen.

Men, først: Monika Benserud har starta utesesongen i Danmark. Der sprang ho 100 meter under Tårnby Games lørdag. I forsøket blei det 12,94 i god motvind, medan det blei 12,73 og 2. plass i finalen (også det i motvind, 0,6). Etter Tyrvingtabellen gir det Monika 979 poeng.

Så, til banen ved sidan av innehallen, der ute i nærleiken av ferja til Osterøy:

Renate Lie (J15) sprang ein flott 600 meter, på 1:38,56 (998 poeng). Det er ny klubbrekord i J15-klassen (Renate sprang sjølv på 1:39,02 inne i vinter).

Aleksander Lie (G17) var under 1,30 innomhus på 600-meter. Lørdag blei det 1:31,04 (816 poeng) i ikkje heilt optimale forhold for Aleksander.

Tobias Allers-Hansen er komen i 10års-klassen og dermed mellom poengplukkarane. På 40 meter blei det 7,16 (804 poeng).

(I lengde blei det ikkje notert vind, og der er reglane innskjerpa i år: ingen resultat blir godkjende med mindre det er brukt vindmålar.)

Heilt til sist: I følgje de førebelse resultatliste frå Hovding representerer Ingrid Næss Johansen no Laksevåg Turn- og idrettslag. Det får me ta med ei  stor klype salt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar