søndag 5. desember 2010

Veterankonkurransen - for menn...

I 2009 blei "Veterankonkurransen" lansert som eit omgrep og, vona ein, etter kvart som eit fenomen i IL Gneist. Tanken var å få foreldregruppa i siget også på banen, til oppbygging av sosialt samhald og kanskje også litt lått og løye - for ungdommane.

No har vel merksemda vore so som so, det same kan seiast om heideren og æra for dei stolte vinnarane. I 2009 var det heile ti deltakarar til slutt på lista. Det var jo bra, sjølv om nokre av dei berre hadde nokre få øvingar (tre hadde éi øving kvar).

Arne Lillefosse blei vinnaren i 2009, med solide 2335 poeng etter veterantabellen, fordelt på fem øvingar (60m, 200m, spyd, 100m og høgde).

Trond Leikvoll blei andremann, med 1982 poeng, fordelt på heile sju øvingar (60m, kule, diskos, 200m, spyd, stav og høgde)

Geir Sjursen blei bronsevinnar, med 1977 poeng, fattige fem poeng bak toaren. Her var det kvalitet, for poenga kom på berre tre øvingar: lengde utan tilløp, høgde utan tilløp og 100m. Både lengde utan tilløp og 100m blei belønna med 693 poeng, den høgste enkeltsummen i 2009.

Konkurransen for 2010 blir ikkje offisielt avslutta før 31. desember, når utesesongen heilt formelt er over. Eg minnar om utandørs stemne på Oppgård 29. desember...Men både talet på utøvarar og talet på øvingar har gått merkbart ned frå 2009. Her må me ta oss sjølve i nakken - og: me må få med oss kvinnene/mammaene! Ikkje eitt einaste resultat frå spinnesida i konkurransen så langt. Her må det vera eit klart mål at det første kjem i 2011-sesongen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar