torsdag 16. desember 2010

Hopp i det

Først av alt må me i dag gratulera Gneist - og kvarandre - med 65-årsdagen!...

Eg held meg mest i Walterhallen på Laksevåg i desse vinterlege tider, men 8. januar 2011 inviterer Laksevåg Turn og idrettslag til KM i hopp utan tilløp i Laksevåghallen, like ved sidan av.

Hopp utan tilløp har ein svært kort sesong, KM og Gneist sitt eige tradisjonsrike stemne på Ytrebygda skole er stort sett heile sesongen av den typen for mange.

Men poenga frå hopp utan tilløp er faktisk svært viktige for lagserien - der tel innandørsresultat like mykje som utandørs, sjølv om dei er færre i talet.

I 2010 var to av hoppresultata til Elitelaget for jenter frå høvesvis høgde utan tilløp (Marianne Benserud sitt hopp på 1,38) og lengde utan tilløp (Vilde Lund Bjørnsen 2,52).

For gutane var det heile sju hopp utan tilløp inne på Elitelaget si hoppliste: to av dei frå KM og så mange som fem resultat frå stemnet på Ytrebygda skole! (Høgde: Emil Engelsen Holm 1,15, Espen Holm 1,41, Gjert Høie Sjursen 0,85 og Amund Høie Sjursen 1,20. Lengde: Kasper R. Andersen 1,73, Espen Bjørndal 1,73 og Ruben Solsvik 1,71)

Også for dei andre laga finst det fleire solide hopp, heilt utan fart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar