Asker og Bærums Budstikke fortalde mandag at Friidrettsforbundet meiner at dekket på Nadderud stadion, lagt siste gong sommaren 2009, ikkje er godt nok konstruert. Forbundet rår til å riva opp dekket, sjekka om asfalten under dekket er av god nok kvalitet og så legga nytt dekke deretter.
Eigaren av banen, Bærum kommune, skal no i dialog med leverandøren av dekket. Medan Forbundet vil ha heilt nytt dekke, meiner kommunen det må halda å reparera asfalt og dekke utsette stader.
Tidsplan for arbeidet blir klar først når kommune og leverandøren, Polytan, er blitt samde.
... Og Tyrvinglekene er terminfesta til 17. - 19. juni 2011...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar