søndag 19. desember 2010

Milslukarane

I gamle dagar sprang me til og med 60 meter på 17. mai, stivpynta og med 17. mai-sløyfene hengande for harde livet i sprintvinden og dei fine finskoa gråe og gjørmete. Seinare også kjenner eg at 60-metrane har forfølgt meg.

Det er ingen løyndom at eg har sans for milslukarane (i staden). 10km-statistikken frå Løpskarusellen innehar langt færre Gneist-ungdommar (eller Gneist-veterananar, for den del). Det er sikkert naturleg nok. Men det i seg sjølv er jo ingen grunn til å ikkje trekka fram i lyset dei som finst der - slett ikkje!

For menn sniker Stian Norheim seg med på årets liste. Så langt er han på 52. plass, med den habile tida 41:43. Og Stian har nok ikkje sprunge sin siste 10km for vinteren heller.

For kvinner er det også berre éi inne på lista over dei aller beste mil-løparane i vinter. Til gjengjeld er det nykomaren vår, 13 år gamle Ingrid Næss Johansen, som er heilt oppe med 6. beste tid så langt mellom alle kvinner, med framifrå 43:11.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar