torsdag 2. desember 2010

Stav - og kvalifisering

Under Gneist sitt stavstemne 27. november vart det gjort fleire gode prestasjonar. Og fleire kvalifiserte seg for meisterskap i 2011:

* Marianne Benserud (J16) hoppa 2,91, noko som er godt over både UM (2,20) og jr-NM (2,50)- krav. Ho har dessutan 3,25 frå i fjor og er alt kvalifisert til senior-NM (3,00). Marianne er jo også regjerande junior-norgesmeister i øvinga.

* Tina Therese Jenssen (J16) kom seg over 2,71 under stemnet, men har faktisk 2,76 innandørs frå Norna-karusell 22. september i år. Ho er altså også godt inne til UM og jr-NM i 2011.

* Synne Våge Opheim (J17) presterte 2,51, som også er over kvalifikasjonsgrensa til UM (2,30 for J17) og til jr-NM.

* På gutesida sikra både Håvard Våge Opheim (G15) og Magnus Leikvoll (G15) seg UM-deltaking i Fredrikstad i august neste år, med å snika seg over 2,61 (1 cm over kravet).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar