Det er desember og ventetid. Medan me ventar på offisiell melding om årets lagserie kan me kikka på ei anna utvikling og rangering klubbane imellom i Hordaland. Det er utviklinga for medaljestatistikken i KM 11-14 år 2008-2010.
Stein Fossen skal også ha uttalt om IL Gneist at det er "superklubben i Bergen sør". Medaljestatistikken frå KM 11-14 år fortel at Gneist i så fall blei superklubben under sitt eige KM-arrangement i august 2009 og trygga stillinga under KM på Voss i år. For under KM på Osterøy i 2008 var det andre klubbar som trona øvst:
1. IL Norna-Salhus 22 gulll 16 sølv 7 bronse
2. Laksevåg TIL 22 gull 14 sølv 15 bronse
3. IL Fri 16 gull 11 sølv 12 bronse
4. IL Gneist 13 gull 14 sølv 10 bronse
5. Osterøy IL 12 gull 7 sølv 11 bronse
6. Fana IL 6 gull 13 sølv 5 bronse
Ein del mindre klubbar har gylne årgangar og kan gjera det bra enkeltår eller enkeltperiodar. Større klubbar bør kunna markera seg heilt øvst år etter år. Gneist og Norna-Salhus er døme på slike klubbar. Både IL Fri og Osterøy IL låg spesielt høgt i 2008, Osterøy har jo sin sterke 1994-årgang, som var med i KM 11-14 siste gongen på heimebane i 2008.
Etter KM på "heimebane" på Fana stadion i 2009 var medaljestatistikken øvst slik:
1. IL Gneist 30 gull 26 sølv 22 bronse
2. IL Norna-Salhus 26 gull 24 sølv 18 bronse
3. Laksevåg TIL 11 gull 10 sølv 6 bronse
4. Fana IL 7 gull 7 sølv 7 bronse
5. Os Turn 6 gull 4 sølv 8 bronse
6. Ulvik IL 4 gull 1 sølv 1 bronse
Gneist suste opp som beste klubb i 2009, godt føre Norna-Salhus. Dei to var igjen altså i ein (elite-)klasse for seg. Fana var på det jamne, medan Fri og Osterøy blei erstatta av Os og Ulvik, som har sterke enkeltutøvarar som markerer seg.
KM på Voss i 2010 hadde klart mindre deltaking enn arrangementa både på Osterøy i 2008 og på Fana stadion i 2009. Ein del øvingar fekk ikkje ein gong tre medaljevinnarar, men i staden berre ein eller to. På toppen av lista er framleis dei to store klubbane, frå sør i byen og frå nord i byen, men i 2010 er Gneist sin dominans på lista blitt mykje større:
1. IL Gneist 32gull 25 sølv 16 bronse
2. IL Norna-Salhus 18 gull 16 sølv 7 bronse
3. Fana IL 7 gull 8 sølv 11 bronse
4. Os Turn 7 gull 1 bronse
5. Laksevåg TIL 6 gull 6 sølv 6 bronse
6. FIL Frisk 5 gull 2 sølv 1 bronse
Det gjenstår framleis å sjå om KM 11-14 "kjem heim" til Gneist og Fana stadion i 2011, men det er all grunn til å tru på at Gneist held stand i toppen av denne statistikken. Ein sterk 96-årgang forsvinn ut (og over til nye utfordringar, til dømes i Stor-KM), men blir erstatta av mange flinke utøvarar fødde i 2000, i andre enden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar