fredag 10. desember 2010

Kretskamp

I mange år har det vore tradisjon med kretskamp for 13- og 14- åringane mellom Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland. Den har gått føre seg i Byrkjelo i Gloppen, Nordfjord - stort sett siste helga i juni, men i 2009 gjekk arrangementet første helga i juli. Kretskampen har vore lagt inn i "Sparebankleikane", med øvingar for også andre aldersgrupper enn dei som inngår i kretskampen.

I 2010 blei så arrangementet avlyst. Grunnen var eit svært langvarig arbeid med nytt dekke på stadion i Byrkjelo fram mot Hovudmeisterskapet (NM) 12. - 14. august 2011. Ei rekkje arrangement vart først utsette, så avlyst, i Byrkjelo i år. No viser det seg at anlegget i Byrkjelo enno ikkje er heilt ferdig. Dekket i delar av eine svingen må takast opp igjen. Arbeidet er lova ferdig i mai og i Sogn og Fjordane planlegg ein fram mot ny kretskamp, der i alle fall Møre og Romsdal møter "heimelaget" og der dei håpar på at også Hordaland dukkar opp att.

Ikkje minst for 13-åringane er deltakinga i Byrkjelo ei svært fin oppvarming - både sportsleg og sosialt - før NCC-leikane på hausten. I 2009 kolliderte kretskampen både med Hardanger Friidrettsfestival i vene Strandebarm og - kanskje meir aktuelt for ein del? - Världsungdomsspelen i Göteborg. I 2011 ser det førebels ut til at kollisjonen "berre" blir med Strandebarm, første helga i juli. Så får me sjå kor vidt banen endeleg blir klar der oppe i Nordfjord og kor vidt Hordaland melder på kretslag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar