Det må vera ein del år sidan IL Gneist stilte med lag under UM/NM i banestafettar. I så måte bør det vera ein ny æra som blir innleia under meisterskapen i Drammen 28. og 29. mai 2011. Andre stafettar må få stilla litt i skuggen, enten om det er på Espeland, Askøy eller i strøket rundt Bislett - det er noko eige med banestafettar for utøvarar som først og fremst konkurrerer på nettopp bane.
Fleire av utøvarane har alt i fleire år hatt som uttalt mål å springa saman i banestafett-meisterskapet, først i UM (for Gneist) og seinare kan henda i NM-samanheng (i BFG-drakt). Det gjeld ikkje minst dei gutane som har sett fram mot deltaking på eit 4 x 600m-lag. Det blir spennande å følgja med fram til det nærmar seg meisterskapet i Drammen, men det kjem ikkje som noko bombe dersom det endeleg blir stafettdeltaking igjen denne gongen. Og: rekrutteringa ser trygg og god ut også for deltaking dei komande åra.
I 2010 (i Steinkjer) var det sju lag som deltok på 4 x 100m for 15- og 16- åringar.
På 4 x 600m i same årsklasse var det seks lag med. Osterøy IL vann UM-gullet på 6:04,75 (eit snitt på godt og vel 1:31 på kvar løpar), medan bronsen blei vunnen på 6:09,04 (1:32).
På 4 x 100m for jentene på 15 og 16 år blei Laksevåg UM-vinnar i 2010 på 50,33.
For inspirasjon ligg framleis web-sendingane frå 2010-meisterskapen i Steinkjer ute her:
Video, stafett-NM 2010
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar