søndag 12. desember 2010

Pigg på

Eg har sprunge to treningsturar i helga.

Det er naturlegvis ikkje spesielt i seg sjølv, men det var mine to første turar med pigga sko. Eg spanderte 300 kroner på Löplabbet for å få piggar på mine to år gamle Kayano-sko. Under lørdagsturen var det i mildaste laget for å få skikkeleg testing, men søndagskvelden (medan Sverige slo Norge i handball) var det tilnærma perfekt: godt med issvullar og ei tynn ishinne mange stader. Samtidig kom det eit tynt, tynt slør med snø som gjorde det uklart kor det glatte tok til og kor det slutta. Skoa takla dette heilt fint. Men eg erfarte også, over dei to turane, at isen ikkje går vekk sjølv om ein får betre fottøy... Det kan vera lurt å bruka dei pigga skoa til (lang-)turar med jamn fart, ikkje til intervallar med akselerasjonar.

Kor vidt dette er ei god investering eller ei, er det berre vergudane som kan svara på, men det ser jo ut som om idrettsfolkets miljøaksjon "Hvit vinter" ber frukter - for andre året på rad.

Her er BT sin artikkel om Löplabbet si pigging av joggesko:

Pigge-artikkel i BT

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar