onsdag 8. desember 2010

Ein ny jentegenerasjon tar over

Jada, det er mange flinke friidrettsgutar på gang, men rekord-statistikken fortel heilt tydeleg at dagens aktive jenter i Gneist er i ferd med å markera seg også i historiebøkene. Dei tre første på lista over jenter med flest klubbrekordar har sine beste prestasjonar nokre år tilbake. Her er ei Liland, ei parentes-Liland og så ei av dagens trenarar; Kjersti Ristesund (i dag: Kjersti Bjørndal).

(Parentes bemerka: Når Bente Lervik (Liland) her er omtalt som "parentes-Liland", så er det fordi ho står slik i klubbrekord-statistikken. Denne måten å omtala henne på kom inn i statistikken før mi tid. På liknande vis er Mary-Ann Nordeide (Hårklau) omtalt. Prinsipielt må det vera slik at ein står med det namnet ein faktisk har når rekorden blir sett (tildvarande Kjersti Ristesund, som heiter dette i statistikken og ikkje Kjersti Ristesund (Bjørndal). Parentes slutt. No ja.)

Her er så oversikten over dei ti jentene med flest klubbrekordar:

1. Bente Lervik (Liland)     29 rekordar
2. Benedikte Liland              25 rekordar
3. Kjersti Ristesund             22 rekordar
4. Renate Lie                      20 rekordar
5. Vilde Lund Bjørnsen         17 rekordar
6. Monika Benserud            15 rekordar
7. Torunn Sandvoll              12 rekordar
8. Mary-Ann Nordeide (Hårklau) 11 rekordar
9. Kathrine Sandvik              9 rekordar
10. Anne-Beth Espetvedt      8 rekordar

Her ser den observante at det altså finst tre av dagens aktive høgt oppe på lista. Høgast av desse igjen er Renate Lie, som har samla sine 20 klubbrekordar på berre to sesongar; som 11- åring og som 12-åring!

Her er lista over dei med flest klubbrekordar av dagens aktive:

1. Renate Lie                 20 rekordar
2. Vilde Lund Bjørnsen     17 rekordar
3. Monika Benserud         15 rekordar
4. Marianne Benserud        7 rekordar
5. Cathrine Harris              4 rekordar
6. Anita Norheim               3 rekordar
6. Maren H. Lillefosse       3 rekordar
8. Anna Serine Røssland   2 rekordar
8. Vilde Omholt                2 rekordar
10. Tina Therese Jenssen  1 rekord

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar