Alt var betre før - heiter det gjerne. Vel, her må me nyansera: medan nettsidene til BFG Fana og Løpskarusellen i alle fall hadde sider ved seg som definitivt var betre før (ikkje minst for statistikk-interesserte!), så blir både breidde og topp for Gneist sine langløparar berre betre og betre.
Etter måten unge utøvarar er med og pregar listene over dei beste tidene for menn og kvinner.
Seks Gneist-gutar har sprunge fortare enn 19.30 på 5km så langt i år og plasserer seg slik på "vinterens raskaste"-liste (lista opererer ikkje med fleire tider pr. utøvar, berre bestetida):
9. Ole Martin Røssland 17:33
11. Aleksander Lie 17:38
17. Casper Stenersen 18:12
26. Jørgen J. Axelsen 18:48
28. Stian Ø. Aarvik 18:53
45. Stian Norheim 19:28
Fire jenter markerer seg på listene - og dei er gjennomgåande yngre og lengre oppe på lista:
6. Ingrid Næss Johansen 20:31
8. Renate Lie 20:41
14. Anna Serine Røssland 21.50
22. Silje Stenersen 22:41
10km følgjer...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar