mandag 20. desember 2010

Gutane sitt 4. lag: nr. 1 i 4. divisjon

Kva er denne lagserien, sånn eigentleg?

Enkelt sagt: ein set saman, etter førehandsbestemte reglar, dei beste resultata frå klubbane i kretsen og ser kva for ein klubb som har fått flest poeng. Poenggrunnlaget er nyaste tyrvingtabell.

Seriesystemet er inndelt i seks divisjonar: ein elitedivisjon og fem divisjonar under der.

Gneist har fire jentelag og fire gutelag påmeldt i serien.

Ein utøvar kan plukka poeng for fleire lag.

Ein utøvar kan berre ha eitt resultat frå kvar øving med i serien (sjølv om ein skulle ha ti gode stavhopp, vil berre det beste telja), men elles ha med besteresultatet sitt i så mange øvingar som muleg.

Det er ingen samanheng mellom kva for lag ein har plukka poeng for i ein sesong og kva for lag ein plukkar poeng for i neste!

Dette skal takast sakte og roleg, så her kjem først 4. laget til gutane. Det laget vann altså sin divisjon, 4. divisjon, og 4. laget til Gneist skal såleis delta i 3. divisjon i 2011.

I gutane sin 4. divisjon er reglane slik:

* til saman 25 noteringar
* 11 i løp/hekk
* 8 hopp
* 6 kast


Desse utøvarane plukka poeng for 4. laget i 2010:

- Espen Bjørndal
- Mats Bjørndal
- Kristoffer Blücher
- Thomas Blücher
- Henrik Gravdal
- Håkon Helle
- Emil Engelsen Holm
- Herman Hovland
- Magnus Leikvoll
- Aleksander Lie
- Eirik Haugen Lillefosse
- Didrik Mikkelsen
- Håvard Våge Opheim
- Amund Høie Sjursen
- Casper Stenersen
- Stian Ø. Aarvik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar