I klubbrekord-oversikten til IL Gneist finst det rekordar for det meste. Nokre rekordar vil stå til evig tid, til dømes dei som gjeld spyd med "gammalt spyd". Ingen kan slå rekorden med gammalt spyd i dag, naturlegvis. Slik er det no berre. Så har det skjedd tallause endringar med hekkehøgder og -avstandar i ulike aldersklassar. Her er det faktisk slik at ventar ein lenge nok så kan ei hekkehøgd koma tilbake, så her er i og for seg ingen gamle rekordhaldarar "trygge".
Men når alt dette er nemnt, så står rekordoversikten der som den er. Nokre utøvarar er spesialistar og spring til dømes berre langt eller berre hoppar. Andre prøver alt. Under grautfesten sist fredag fekk utøvarane diplomar for deltakinga i 2010. Aleksander Lie hadde den uoffisielle årsrekorden i talet på kor mange ulilke utøvingar han var med i: 21!
Slikt mangfald kan ein også finna igjen som bakgrunn for kven som har flest klubbrekordar. Topp ti-lista for gutar ser slik ut:
1. Marius Benserud 32 rekordar
2. Roar Haugland 29 rekordar
3. Steffen Nerdal 23 rekordar
4. Sigve Stenersen 22 rekordar
5. Morten Benserud 20 rekordar
6. Rodgeir Vigestad 17 rekordar
7. Torstein Ryland 14 rekordar
7. Kjetil Espetvedt 14 rekordar
9. Espen Liland 13 rekordar
10. Aleksander Lie 11 rekordar
Sistemann på lista er altså aktiv utøvar i dag. Dersom me lagar ei topp ti-liste for framleis aktive - og såleis aspirantar til å hevda seg på lista ovanfor - så ser den slik ut:
1. Aleksander Lie 11 rekordar
2. Sondre Rinde 9 rekordar
3. Amund Sjursen 8 rekordar
3. Andreas Iden 8 rekordar
5. Henrik Gravdal 5 rekordar
6. Casper Stenersen 4 rekordar
7. Eirik Leikvoll 2 rekordar
7. Kristoffer Blücher 2 rekordar
7. Stian Norheim 2 rekordar
7. Jørgen J. Axelsen 2 rekordar
Av mange poeng ein kan henta frå desse listene finst ein begynnande "duell" mellom far og son Stenersen. 22-4 pr i dag, men det styrkeforholdet kjem nok til å endra seg med åra...
... Eg kjem tilbake til jentene...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar