onsdag 29. desember 2010

Jentene sitt 1. lag: Best

Jentene sitt 1. lag gjekk altså heilt til topps i Elitedivisjonen i Hordaland i 2010. Det har ikkje akkurat vore sju magre år, men det er i alle fall sju år sidan sist - i 2003 - at Gneist-jentene var heilt øvst i dette seriesystemet.

Sigeren vart temmeleg knepen, mindre enn 200 poeng framfor Laksevåg. Norna-Salhus kom på 3. og var heller ikkje svært langt bak.

I jentene sin Elitedivisjon er det følgjande som ligg til grunn for serieresultata:

* Til saman 50 noteringar
* 20 løp
* 5 hekk
* 15 hopp
* 10 kast

Og desse jentene plukka poeng for 1. laget i 2010:

- Marianne Benserud
- Monika Benserud
- Vilde Lund Bjørnsen
- Sanne L. Christensen
- Sunniva Eikestad
- Anna Evensen
- Kaja M. Gundersen
- Cathrine Harris
- Charlotte Harris
- Renate Lie
- Maren Haugen Lillefosse
- Anna Serine Røssland
- Susanne H. Sunde
- Nora Ø. Aarvik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar