tirsdag 28. desember 2010

Gutane sitt 1. lag: nest best i Hordaland

Gutane sitt 1. lag tok altså eit nytt steg i 2010, opp frå 3. plass til 2. plass i Elitedivisjonen - bak IL Norna-Salhus sitt 1. lag - tett bak!

Og i 2011 er både 1. laget og 2. laget i Elitedivisjonen.

Det er ikkje å overdriva at éin utøvar spesielt var særs viktig for at gutelaget heva seg eit nytt hakk i 2010. I løp og hopp har resultata vore særs gode også tidlegare, medan Gneist svært lenge har vore eit stykke bak i kast. Men i år kom 10-åringen Gjert Høie Sjursen til med ei rekkje gode kastresultat, der dei tre beste gav over 1000 poeng på Tyrvingtabellen (diskos, kule og slegge).

I Elitedivisjonen for gutar er det følgjande som gjeld:

* (så mykje som:) 60 noteringar totalt
* 24 løp
* 6 hekk
* 18 hopp
* 12 kast

Følgjande gutar plukka poeng for 1. laget i 2010:

- Jørgen Jensen Axelsen
- Espen Bjørndal
- Mats Bjørndal
- Kristoffer Blücher
- Henrik B. Ettrup
- Henrik Gravdal
- Emil Engelsen Holm
- Herman Hovland
- Andreas Iden
- Aleksander Lie
- Stian Norheim
- Håvard Opheim
- Sondre Rinde
- Ole Martin Røssland
- Amund Høie Sjursen
- Gjert Høie Sjursen
- Ruben Solsvik
- Casper Stenersen
- Stian Ø. Aarvik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar